Ved søknad vert det alltid vurdert om tilskot skal gis i staden for eller saman med startlån. I vurderinga vert det lagt vekt på din økonomiske situasjon og kor nødvendig tilpassinga er for at du skal kunne bli buande i bustaden.
Krav til søkar
- Menneske med funksjonsnedsettingar
- Eldre som ønskjer å utføre førebyggande tilpassingstiltak
Kva kan du søke om?
Å tilpasse ein bustad inneber å gjere den eigna slik at du kan fortsette å bu i den, sjølv om du har nedsett funksjonsevne. Tilpassinga må vere hensiktsmessig og behovet for tilskot og startlån blir vurdert i si heilheit ut frå husstanden sin økonomiske situasjon på sikt.
- Det er viktig at du kontaktar ergoterapeuttenesta i kommunen, slik at dei kan beskrive behovet for tilpassing før du innhentar pris på det som skal tilpassast.
Eksempel på kva du kan få støtte til:
- Enkle tiltak for å betre tilkomsten til bustaden og større ombyggingar for å legge til rette bustaden
- Tilpasse bad for å dusje rett på golv
- Tilpasse kjøkken til heve- og senkemekanismar på skap
- Fjerne tersklar
- Betre belysning
- Andre endringar som er nødvendig for å kunne bli buande i bustaden
Tilskot til utredning
Tilskot til utredning, maks ½ G, kan nyttast til å kartlegge følgande forhold:
- Moglegheiter og avgrensingar i eksisterande bustad
- Uteområde og åtkomst
- Tilgjengelegheit inne
- Arealbehov
- Innreiing og brukbarheit
- Om bruker har økonomi til å finansiere tilpassinga sjølv, eller om det er behov for lån og/eller tilskot fra kommunen
Tilskot til prosjektering
Tilskot til prosjektering, maks ½ G, kan gis til dekning av:
- Kostnad til fagleg bistand til prosjektering, det vil si honorar til arkitekt eller annan fagkyndig.
Startlån til å tilpasse bustad
Har du behov for å tilpasse bustaden din? Då kan du søke om finansiering til små eller store ombyggingar og tilpassingar.
Slik søker du om startlån og tilskot til å tilpasse bustad
1. Du treng desse vedlegga:
- Arbeidskontrakt dersom du er i arbeid
- Vedtak om trygd dersom du har trygdeytingar
- Dokumentasjon på all anna inntekt enn løn og trygd
- Dokumentasjon på all gjeld
- Dokumentasjon på oppsparte midlar eller formue
- Leigeavtale og eventuell oppseiing dersom du leiger bustad
- Dokumentasjon på at tilpassinga er nødvendig frå ergoterapeut eller annan relevant faginstans
- Stadfesting på at utleigar godkjenner tilpassingane (dersom du leiger bustad)
2. Send inn søknad
Søknadsfrist
Du kan søke heile året.
Kva skjer vidare?
Ørsta kommune handsamar saka så snart som mogleg.
Tilskot under ½ G kroner utbetalast av Ørsta kommune. Det vert ikkje teke pant på desse tilskota.
Ved tilskot over ½ G tek Ørsta kommune pant i bustaden, dersom du eig bustaden sjølv. Lån vert nedbetalt etter ordinære vilkår, medan tilskot vert nedskrive med 10 % per år.
Dersom du har fått innvilga lån og tilskot frå kommunen til tilpassing av bustaden, er det Ørsta kommune som tek seg av utbetaling, fakturering, purring, inkasso og svarar ut generelle spørsmål om lånet.
Klage
Du kan klage på vedtaket. Klagefristen er 3 veker frå den dagen du har fått vedtaket. Dersom klagen blir send for seint, kan han bli avvist. Du bør i så fall opplyse om kvifor du ikkje kan skuldast for forseinkinga.
I klaga bør det gå fram kva ein ønskjer endra, samt ei grunngjeving. Før du klagar må du lese grunnlaget for vedtaket og sakshandsamar si vurdering. Du kan senda klaga digitalt ved å gå inn på startlan.husbanken.no Du kan senda ei melding og/eller lasta opp vedlegg på saka.
Ønskjer du ikkje å sende klage digitalt? Ta kontakt med servicekontoret.
Har du fått svar på klaga di frå klagenemnda? Klagenemndas avgjersle er endeleg og kan ikkje klagast vidare. Dersom du likevel meiner det heftar feil ved nemnda sitt vedtak, kan du ta kontakt med Sivilombodsmannen.