Startlån til å kjøpe bustad

Startlån til å kjøpe bustad

Du kan få startlån dersom du har hatt langvarige problem med å få lån eller tilstrekkeleg lånebeløp i ein privat bank.

Kva kan du søke om?

  • Dersom du ikkje får lån i banken, kan du søke om å låne heile kjøpesummen hos oss
  • Du kan få lån til ein nøktern og eigna bustad i Ørsta med omsyn til pris, størrelse og standard

Er du varig vanskelegstilt med svært låg inntekt, kan du også bli vurdert for etableringstilskot, som kan gjevast saman med startlån. Tilskotet tilbakeføres til Ørsta kommune ved overdraging av bustaden ved sal, arv, gåve eller liknande.

Krav til søker

  • Du må vere over 18 år
  • Du må vere varig økonomisk vanskelegstilt
  • Du må ha fast inntekt, eller vere varig trygda
  • Du må kunne betene renter og avdrag på lånet
  • Dersom de er eit par og skal søke lån, må begge stå ansvarleg for lånet

Vi stiller ikkje krav om eigenkapital eller kausjon i annan bustad.

Startlån vert tildelt etter ei behovsprøving. Vi legg vekt på om du er forventa å ha langvarige problem med å finansiere eigd bustad og om du har nytta moglegheita til sparing.

Søknadsfrist

Du kan søke heile året.

Slik søker du om startlån til kjøp av bustad

1. Du treng desse vedlegga

  • Arbeidskontrakt dersom du er i arbeid.
  • Vedtak om trygd dersom du har trygdeytingar.
  • Dokumentasjon på all anna inntekt enn lønn og trygd.
  • Dokumentasjon på all gjeld.
  • Dokumentasjon på oppsparte midlar eller formue.
  • Leigeavtale og eventuell oppseiing dersom du leiger bustad.
  • Stadfesting på annan finansiering eller eigenkapital.

2. Send inn søknad 

Kva skjer vidare?

Ørsta kommune handsamar saka så snart som mogleg. Handsamingstida kan variere.

Når du har motteke finansieringsbevis frå kommunen, kan du starte jakta på eigen bustad. Ørsta kommune skal ha melding om kva bustad du vil legge inn bod på, og stadfeste om dette er ok. Eventuelle bod gis til meglar, som igjen kontaktar Ørsta kommune for å få godkjent finansieringa på bustaden.

Etter salet får Ørsta kommune oversendt kjøpekontrakt frå meklar for utfylling av låne- og pantedokument for signering. Utbetaling skjer i høve kjøpekontrakt og i god tid før dato for overtaking av bustaden.

Når du har kjøpt bustad, er det Ørsta kommune som tek seg av utbetaling av lånet, fakturering, purring, inkasso og svarar ut generelle spørsmål om lånet.

Klage

Du kan klage på vedtaket. Klagefristen er 3 veker frå den dagen du har fått vedtaket. Dersom klagen blir send for seint, kan han bli avvist. Du bør i så fall opplyse om kvifor du ikkje kan skuldast for forseinkinga.

I klaga bør det gå fram kva ein ønskjer endra, samt ei grunngjeving. Før du klagar må du lese grunnlaget for vedtaket og sakshandsamar si vurdering. Du kan senda klaga digitalt ved å gå inn på startlan.husbanken.no Du kan senda ei melding og/eller lasta opp vedlegg på saka.

Ønskjer du ikkje å sende klage digitalt? Ta kontakt med servicekontoret.

Har du fått svar på klaga di frå klagenemnda? Klagenemnda si avgjersle er endeleg og kan ikkje klagast vidare. Dersom du likevel meiner det er feil ved nemnda sitt vedtak, kan du ta kontakt med Sivilombodsmannen.

Kontakt

Eli Myklebust konsulent
99286973
@ Eli Myklebust
Børge Gundersen konsulent
99286972
@ Børge Gundersen