Startlån til å behalde bustad

Startlån til å behalde bustad

Dersom du har gjeldsproblem som er så store at du ikkje klarar å betale bustadlånet ditt, kan du søke om startlån og tilskot til refinansiering.

Kva kan du søke om?

Dersom du står i fare for å miste din eigde bustad etter samlivsbrot, eller av andre grunner ikkje klarar å betene dine samla gjeldsforpliktingar, kan du søke om startlån til refinansiering.

Er du varig vanskelegstilt med svært låg inntekt, kan du også bli vurdert for eit etableringstilskot, som kan gis saman med startlån. Dette vert nedskrive med 5 % årleg over 20 år.

Dersom du allereie har lån frå Ørsta kommune, må du sjekke ut om det er mogleg å få ordna økonomien ved å inngå betalingsavtale.

Krav til søkar

  • Du må vere over 18 år.
  • Du må kunne betene renter og avdrag på lånet.
  • Bustaden må vere nøktern og eigna i forhold til så mange som skal bu i bustaden.
  • Bustaden sin verdi må vere høg nok til å sikre heile lånesummen.

Søknadsfrist

Du kan søke heile året.

Slik søker du om startlån til refinansiering av bustad

1. Du treng desse vedlegga:

  • Arbeidskontrakt dersom du er i arbeid.
  • Vedtak om trygd dersom du har trygdeytingar
  • Dokumentasjon på all anna inntekt enn løn og trygd
  • Dokumentasjon på all gjeld
  • Dokumentasjon på oppsparte midlar eller formue
  • Leigeavtale og eventuell oppseiing dersom du leiger bustad
  • Utskrift av panteheftingar fra Statens kartverk

Vedlegg dersom du skal overta bustad etter samlivsbrot:

  • Skriftleg avtale som stadfestar at du skal overta bustad etter samlivsbrot og som viser avtalt kjøpesum. Avtalen må være signert av begge.
  • Separasjons- eller skilsmissepapir, stadfesting på oppløysning av ekteskap ved dom eller avtalt oppløysning av sambuarforhold.
  • Dokumentasjon på kven som skal ha dagleg omsorg for borna ved samlivsbrot.
  • Kommunen sin sakshandsamar kan be om annan eller meir dokumentasjon dersom det er nødvendig.

2. Send inn søknad

Kva skjer vidare?

Ørsta kommune handsamar saka så snart som mogleg, handsamingstid er opp mot 4–6 veker.

Når du har fått innvilga refinansiering, er det Ørsta kommune som tek seg av utbetaling av lånet, fakturering, purring, inkasso og svarar ut generelle spørsmål om lånet.

Klage

Du kan klage på vedtaket. Klagefristen er 3 veker frå den dagen du har fått vedtaket. Dersom klagen blir send for seint, kan han bli avvist. Du bør i så fall opplyse om kvifor du ikkje kan skuldast for forseinkinga.

I klaga bør det gå fram kva ein ønskjer endra, samt ei grunngjeving. Før du klagar må du lese grunnlaget for vedtaket og sakshandsamar si vurdering. Du kan senda klaga digitalt ved å gå inn på startlan.husbanken.no Du kan senda ei melding og/eller lasta opp vedlegg på saka.

Ønskjer du ikkje å sende klage digitalt? Ta kontakt med servicekontoret.

Har du fått svar på klaga di frå klagenemnda? Klagenemndas avgjersle er endeleg og kan ikkje klagast vidare. Dersom du likevel meiner det heftar feil ved nemnda sitt vedtak, kan du ta kontakt med Sivilombodsmannen.

Kontakt

Eli Myklebust konsulent
99286973
@ Eli Myklebust
Børge Gundersen konsulent
99286972
@ Børge Gundersen