Ro og orden
- Alle dagar mellom kl. 23:00 og kl. 07:00 skal det vere ro i bustaden. Leigetakar har det heile og fulle ansvaret for sine besøkande.
- Musikkinstrument, radio, TV, stereoanlegg og liknande må ikkje brukast slik at det plagar naboane.
Sikkerheit
Du må sjå til at felles inngangsdør og dør i kjeller inn til boder alltid er låst
Avfall og skrot
Avfall skal kjeldesorterast i avfallsdunkar plassert ved bustaden.
Anna avfall som gamle møblar eller liknande må du køyre vekk sjølv. Dersom du set det i søppelrom eller fellesareal, vert det kasta utan varsel, og for di rekning.
For enkeltståande bustadar gjeld dette også utomhus eks garasje, boder, veranda, terrasse osv.
Fellesareal
Du må ta vare på plenar, planter, benkar og anna utstyr som tilhøyrar eigedomen, slik at det ikkje vert skada.
Snørydding og plenklipping
Plen og planter som høyrer til eigedomen skal ivaretakast både sommar og vinter. Snørydding og hagestell skal gjerast på eiga tomt/fellesareal (balkong) om dette følgjer leigeobjektet
Dyr
- Det er ikkje lov å halde dyr utan skriftleg løyve frå eigedomsavdelinga. Ta kontakt med bustadkoordinator for avklaring.
- Det er ikkje lov å mate fuglar fordi det tiltrekk seg skadedyr
Køyretøy
Bilar, motorsyklar og mopedar skal parkerast på anviste plassar, slik at dei ikkje hindrar vanleg passasje og trafikk
Vær forsiktig med bruk at køyretøy på eigedomen. Unngå at motorkøyretøy går på tomgang.
Endringar i bustaden
- Du må ha samtykke frå eigedomsavdelinga til å installere vaskemaskin og oppvaskmaskin. Ta kontakt med bustadkoordinator for avklaring.
- Du må ha samtykke frå eigedomsavdelinga om å installere lampar, markiser, parabolantenne og liknande. Ta kontakt med bustadkoordinator for avklaring.
Røyking
Det er forbode å røyke i bustaden, jf. pkt. 8 i Husleigekontrakten
Brot på reglane
I leigekontrakta di finn du meir informasjon om kva som er di plikt som leigetakar. Brot på reglane kan føre til at du misser bustaden din.
Dersom naboen din ikkje overheld reglane, kan du sende klage til kommunen via eDialog (for sensitiv informasjon):
eDialog