Prisar, gebyr og avgifter

Prisar, gebyr og avgifter

På denne sida finn du oversikt over prisar, gebyr og avgifter for tenester i Ørsta kommune.

Barnehage
Pris barnehageplass
År / Plass 100% 80% 70% 60% 50%
Frå 01.08.2024 2 000* 1 950 1 950 1 800 1 500

Meir informasjon om pris og moderasjon

SFO
SFO prisar
Prisar SFO per månad: 1.-3. klasse - inkl. GRATIS 12t* 1.-3. klasse - matpengar 4. klasse - ordinær 4. klasse - matpengar
Heilt tilbod 1 960 kr 330 kr 4 500 kr 330 kr
Delt tilbod 160 kr 220 kr 2 700 kr 220 kr
Korttidsplass morgonar 0 kr 165 kr 1 860 kr 165 kr
Korttidsplass ettermiddagar 110 kr 165 kr 2 650 kr 165 kr
Gratis-plass 0 kr 165 kr Ikkje tilbod Ikkje tilbod
Kjøp av ein ekstra dag (per dag) 360 kr Inkl. i prisen 360 kr Inkl. i prisen

Meir om pris og moderasjon

Kulturskule
kulturskule pris
Type Pris kroner
Skuleår 2024/2025 2300 (per skuleår)
Skuleår 2025/2026 3800 (per skuleår)
Kulturkarusell (gruppetilbod, 30 ggr.) 2880 (per skuleår)
Instrumentleige 250 (per halvår)

Kulturskulen har nokre instrument, mest strykeinstrument, til utleige. Korpsa leiger ut instrument til sine medlemmer.

Leige av kulturhus
Kinosal
leige kinosal
Utleige av Pris kroner
Utleige utan billettsal (øving) 2 300
Teater, konsertar, show (proff) 9 000 (per framsyning)
Teater, konsertar, show, konferanser (amatør/lokal) 3 700 (per framsyning)
Avlysing av kino 2 900 (per framsyning)
Billettavgift (proff) 30
Billettavgift (lokal/amatør) 25
Kinoprojektor 500 (per time)
Leige av lyd og lys  2 500

Backstage er inkludert ved leige av kinosal.

Festsal
festsal pris
Type Pris kroner
Leige fredag, laurdag, søndag og bev.helgedag 3 100
Leige måndag, tysdag, onsdag og torsdag 2 300
Servicetilbod: rigging av bord og stolar (eksterne leigetakarar) 700 (+ mva)
Servicetilbod: rigging av bord og stolar (interne leigetakarar i Ørsta kommune) 700 (inkl. mva)
Projektor/lydanlegg i festsalen 600
Leige per duk 100
Foajeen

Leige av foajeen (om der ikkje er andre arrangement på huset): kr 900
 

Kjøkken

Leige av kjøkken: kr 900
 

Kafeteria
Bryllaup og lukka lag

Frå fredag kl. 16.00 til søndag kl. 12.00: kr 6 600
Berre laurdag: kr 4 400
 

Omførselshandel
Galleri/møterom

Leige av galleri/møterom: kr 300

LAN-party

Fredag–måndag: kr 20 000
Søndag–onsdag: kr 16 000

Avbestillingsgebyr

Eigne avbestillingsfristar for arrangement med billettsal, etter avtale med kulturhusleiar.

Satsar for bruk av personlege ressursar

Gjeld driftsteknikar: lyd/lys og tilrettelegging.

Kvardagar frå kl. 08.00–16.00: kr 400 per time
Fredag, laurdag, søndag, raude dagar, kveldar – frå kl. 16.00 og utover: kr 500 per time

  • Kaffipakke ved møter/konferanser (ved førehandstinging): 

    • 1 servering 25 kr per person 
    • 2 serveringar 40 kr per person
  1. Ein representant frå huset skal alltid vere til stades/tilgjengeleg ved leige av kinosal.
  2. Større arrangement og arrangement over fleire dagar etter avtale. Kulturhusleiaren kan forhandle seg fram til andre avtalar der det er naturleg.

Tillegg for førebuingar og hjelp etter avtale. Mat og drikke kan tingast på huset. Dukar kan leigast. 

Leige av inventar/utstyr til bruk utanfor Ørsta kulturhus: Etter eigen avtale med kulturhusleiaren. 

Eit viktig mål for oss på kulturhuset er å legge best mogleg til rette for leigetakarane. Gi oss gjerne tilbakemelding, både ros og ris!


Praktiske opplysningar

  • Når leigetakar låner nøklar og kvitterer for lånet, skal nøklane leverast attende første virkedag etter tilskipinga. På kvardagar dagtid kl. 9.00 – 15.00  eller på kveldstid v/kinoframsyning. 
  • Leigetakar kan berre nytte dei lokala det er gjort avtale om. Vert det nytta andre lokale enn det som er avtalt, vert desse fakturerte. Tinga lokale som ikkje er nytta blir også fakturert. 
  • Leigetakar skal rydde opp etter seg både inne og ute. Alt rusk på golvet skal sopast opp. Vert det brukt utstyr frå kjøkkenet, skal dette vaskast og ryddast på plass. Bossdunkane er på baksida av huset. 
  • Bord og stolar skal gjerast reine og handkleda skal hengast til tørk. 
  • Leigetakar må sjølv ordne med plassering av bord/stolar og rydde dei på plass etter bruk, om ikkje anna er avtalt 
Institusjonsopphald
instittusjonspris
Type opphald Pris 2025
Korttidsopphald 200/døgn*
Dagopphald/nattopphald institusjon 115/dag*
Langtidsopphald institusjon Forskrift
Kurdøgn institusjon 3 650/døgn
Dagsenter 185/dag
Dagsenter utan middag 80/dag

*Etter forskrift.

Kommunen kan kreve betaling for opphald i institusjon. Alle med langtidsopphald i institusjon må betale ein eigenandel for opphaldet kvar mnd. Vi bereknar eigenandel for langtidsopphald og korttidsopphald over 60 døgn per år på bakgrunn av inntekt og personlege økonomiske forhold. Les Forskrift om eigenandel.

I Ørsta kommune er det tildeling og koordinering som fattar betalingsvedtak for opphald i institusjon. 

Langtidsopphald institusjon

Inntekt
Kommunen fastset eigenandel/ mnd. på bakgrunn av inntekt. Inntekta omfattar pensjon og andre faste trygdeinntekter, arbeidsinntekt, næringsinntekt og leigeinntekter. Formue blir ikkje tatt med i berekning av eigenandelen. På etterrekninga kvart år vert renteinntekt, utbytte av aksjar og anna avkastning av formue rekna med i årets inntekt. 

Frådrag
Skatt, gjeld, gjeldsrenter og frådrag for heimebuande ektefelle og/ eller barn  er vanlege frådrag ein får, når eigenbetaling skal reknast ut. Frådrag for heimebuande ektefelle/barn vert redusert dersom ektefelle/barn har eigen arbeidsinntekt eller pensjon. 

Berekningsgrunnlag
Berekningsgrunnlaget er beløpet vi får når vi summerer inntekter og trekkjer ifrå frådraga. 
Skatt, gjeldsrenter og frådrag for heimebuande ektefelle og/ eller barn vert trekt ifrå summen av inntekta, slik at ein sit igjen med berekningsgrunnlaget.

Berekningsgrunnlaget er utgangspunktet for å rekne ut den eigenandelen bebuaren skal betale kvar mnd. 
Bebuaren skal sitte igjen med 25% av forketrygdas grunnbeløp (Grunnbeløp frå 01.05.2024 = kr 124 028), i tilegg til 75% av fribeløpet (kr 10 450 for enkeltrom og kr 50 500 for dobbeltrom i 2025) og 15% av berekningsgrunnlaget over folketrygdas grunnbeløp.

Når ein tek berekningsgrunnlaget og trekk ifrå det bebuar skal sitte igjen med, kjem ein fram til det kommunen kan krevje. 
Grunnen til at ein reknar ut 75% av fribeløpet og ikkje 100% er at siste 25% berekningsmessig er blitt inkludert når vi først har berekna 25% av heile grunnbeløpet. Dette er omtalt i forskrifta som fordelen av fribeløpet. 

Etterrekning 
Kommunen er plikta til å ta ei etterrekning kvart år, når liknings- og skatteoppgjeret for føregåande år er klart. Grunnen til det er at vi bereknar eigenbetalinga på grunnlag av opplysningar frå mellom anna NAV som kan verte endra i skatteoppgjeret. Når likninga er klar veit vi kva inntektene og skatten faktisk vart. Har du betalt for lite, sender vi ei regning og har du betalt for mykje vil du få att pengar.  

Frådrag og inntekt som berre er med i etterrekninga

  • Formueskatt vert ikkje med som eit frådrag på etterrekninga.
  • Renteinntekter og aksjeutbytte er berre med som inntekt i etterrekninga.
  • Kommunen kan forandre størrelsen på eigenandelen når vi får beskjed om endringar i inntekt og frådrag. Du må difor gi skriftleg beskjed til sakshandsamar dersom inntekt eller frådrag blir vesentleg endra, slik at vi kan berekne ein ny eigenandel.
  • Inntekt og frådrag blir elles berre undersøkt og oppdatert to gongar i året for alle bebuarar, vår og haust.

Kortidsopphald i sjukeheim

Pris korttidsopphald
Vederlag for korttidsopphald i sjukeheim er regulert av same forskrifta som langtidsopphald i sjukeheim.
Kommunen kan ta betaling for korttidsopphald frå første dag. Prisen er kr 200,- per døgn (2025).

Pris korttidsopphald over 60 døgn
Dersom ein har vore over 60 døgn på korttidsopphald eit år, vert eigenbetalinga beregna ut ifrå inntekt på same måte som ved langtidsopphald. 

Frå 1. januar kvart år går ein tilbake til å betale vanleg fastpris for korttidsopphald igjen.

Skjema for opphald over 60 døgn/år

Ved vedtak om langtidsopphald eller korttidsopphald over 60 døgn/år vert det sendt ut eit skjema. På skjemaet kan ein underteikne slik at sakshandsamarar kan innhente opplysningar om inntekt. Det er fint om ein i tillegg kan fylle ut kva type pensjonar/ inntekt ein har, om det er kun frå NAV eller om ein har private pensjonar i tillegg.

Når ein får vedtak om langtidsopphald skal ein ikkje betale eigenandel den fyrste månaden, med mindre ein allereie har vore over 60 døgn på korttidsopphald same år. 

Når signert skjema kjem i retur kan vi innhente dei opplysningane vi treng, slik at eigenandelen kan reknast ut. Tida frå ein skal starte å betale  og fram til automatisk trekk frå NAV kan startast, vert fakturert av kommunen på ein eigen faktura.

Når betalingsvedtaket er klart, vil det stå i vedtaket når automatisk trekk frå NAV startar og om ein skal betale tilleggsrekning på grunn av inntekt utanfor NAV (t.d. private pensjonar) og evt. det ein må betale for tida før automatiske trekk kom i gang.   

Middagsombering
Matomberings
Vare Pris
Varm mat levert i privat heim 125,-
Sal av frukost/lunsj/kvelds i institusjon/bufellesskap 75,-
Fullkost i bufellesskap pr. døgn 210,-
Fullkost i bufellesskap pr. mnd 6 300,-

Matombering er ei betalingsteneste, satsane er vedteke av kommunestyret.

Tryggleiksalarm
Tryggleiksalarm
Teneste Pris
Ny digital tryggleiksalarm: 420,– per mnd
Alarm på Bakk-Ola-marka: 270,– per mnd
Alarm på Vartdal Helsetun: 270,– per mnd
Fellesutgifter bufelleskap inkl. alarm: 770,– per mnd

Faktura blir utsendt månadleg.

Tryggleiksalarm er ei betalingsteneste, satsane er vedteke av kommunestyret.

Praktisk bistand (heimehjelp)

Heimehjelp er ei betalingsteneste, satsane er vedteke av kommunestyret.

heimehjelp prisar
  Inntektsgrunnlag Kr per mnd
0–2 G Inntil kr 248 056 240*
2–3 G kr 248 057 til kr 372 084 1 630
3–4 G kr 372 085 til kr 496 112 2 040
4–5 G kr 496 113 til kr 620 140 2 450
,">5 G kr 620 141 og over 2 765
Timesats for enkelttimar 465

*Fastsett i sentral forskrift og kan bli endra.

1G = 124 028,- frå 01.05.24. 

Abonnement

Etter eiga forskrift skal alle med inntekt under 2G betale maksimalt kroner 240,- per mnd. Brukarar som mottek tenester som medfører eigenbetaling som er høgare enn øvre tak i si inntekstgruppe, skal betale fast abonnement som vist i tabellen.

Dei som ikkje nyttar avtala hjelpeordning ein månad, får fritak for betaling den aktuelle månaden. Abonnementet går elles som avtala, sjølv om brukaren i einskilde månader ikkje gjer seg nytte av tiltaket fullt ut.

Betalingsvanskar

Brukarar av hjelpeordninga som grunna lav inntekt eller store utgifter har vanskar med å sikre eige livsopphald, kan i særlege tilhøve søkje om redusert betaling/fritak for eigenbetalinga.

Timesats

Betaling etter timesats gjeld for:

  • kortvarige eller tilfeldige avtalar/vedtak om praktisk hjelp
  • faste/varige avtalar med tal på timar som medfører månadsbetaling som er mindre enn abonnementbetalinga for si inntektsgruppe (sjå tabell)

 

Vaksine

Konsultasjonsgebyr

Vaksine - konsultasjon pris
Type Pris
Vaksen 300 kr
Barn/student 200 kr
Familie 1. gongs (2 vaksne + born) 600 kr
Familie 2. og 3. gongs (same reise) 400 kr
Nytt internasjonalt vaksinekort 300 kr
Nytt internasjonalt vaksinekort familie (2 vaksne + born) 500 kr
Ikkje møtt til time 300 kr

 

Vaksiner

– konsultasjonsgebyr kjem i tillegg

Vaksiner - pris (i egendef)
Type Pris per vaksine
MMR og BCG Gratis
Repevax 300 kr
Boostrix polio 350 kr
Gulfeber 700 kr
Hepatitt A vaksen 500 kr
Hepatitt A barn 400 kr
Hepatitt B vaksen 350 kr
Hepatitt B barn 300 kr
Hepatitt A+B vaksen 700 kr
Hepatitt A+B barn 500 kr
Japansk encefalitt 1 250 kr
Meningokokk ACWY 450 kr
Meningokokk B 1 100 kr
Rabies 900 kr
Skogflått vaksen 450 kr
Skogfått born 400 kr
Tyfoid 250 kr

 

Kommunal bustad

Trygde- og omsorgsbustadane varierer i alder og storleik, dei eldste bustadane er frå 1978 og dei nyaste er frå 2018.

Storleik varierer frå 50 til 80 m² og husleiga per mnd er mellom 5 200 og 10 000 kr.

Eigedomsskatt

For 2025 har Ørsta kommunestyre vedteke ein eigedomsskattesats på 3,0 promille for alle eigedomar. 

Kommunestyret har også vedteke å kontorjustere eigedomsskatten med 10 prosent – det betyr at alle kommunale takstar vert auka med 10 prosent. Kommunale takstar gjeld alle eigedomar, utanom bustadhus og leilegheiter (dei som har formuesgrunnlag frå Skatteetaten). Rettleiar for kontorjustering.

Renovasjon
Vatn og avløp

Alle prisar er inkl. mva og gjeld for 01.01.25–30.04.25. Nye prisar frå 1. mai pga mva-endring.

Stipulert forbruk vert rekna ut slik:

  • Bruksarealet på bueininga x 0,82 = stipulert forbruk i m3.
  • Stipulert forbruk i m3 x pris pr. m3 = forbruksgebyret.
  • For eigedomar med vassmålar vert det fakturert for målt forbruk x pris pr. m³

Vatn

Vatn
Type Abonnement (kr) Forbruk (kr per m³) Tilknytning (kr)
Bustad 2 313 21 10 000
Hytte/fritidsbustad 1 334 21 10 000
Einingar/seksjonar 1 993 21 10 000
Næringseigedom 3 349 21 10 000

Avløp

Avløp
Type Abonnement (kr) Forbruk (kr per m³) Tilknytning (kr)
Bustad 2 313 21 10 000
Hytte/fritidsbustad 1 334 21 10 000
Einingar/seksjonar 1 993 21 10 000
Næringseigedom 3 349 21 10 000

Vassmålar

Vassmålar
Type Abonnement (kr) Forbruk (kr per m³) Tilknytning (kr)
Bustad 2 313 21 10 000
Hytte/fritidsbustad 1 334 21 10 000
Einingar/seksjonar 1 993 21 10 000
Næringseigedom 3 349 21 10 000

Andre gebyr

Manglande vassmålaravlesing innan tidsfrist: kr 1 120
Vassmålar som kommunen må lese av: kr 1 600

Feiing, tilsyn og utrykking gebyr

Med heimel i brann-og eksplosjonsvernlova § 28 . ledd vert det kravd gebyr for gjennomføring av lovbestemt feiing og tilsyn i Ørsta kommune.

BETALINGSREGULATIV FOR FEIING OG TILSYN FRÅ 01.01.2025. 

(Alle prisar er inkl.mva)

  1. Vanlege bustadhus, fritidsbygg, hotell, forsamlingshus og liknande med feiing/tilsyn minst annakvart år 1113,-
  2. Vanlege bustadhus, fritidsbygg, hotell, forsamlingshus og liknande med feiing/tilsyn minst tredje til fjerde år 900,-
  3. Vanlege bustadhus, fritidsbygg, hotell, forsamlingshus og liknande med feiing/tilsyn minst femte til sjette kvart år 587,-
    For punkt 1, 2 og 3 ovanfor gjeld følgande:
    Frå og med pipe nummer 2 vert det halvt gebyr pr. pipeløp i same eining. Gebyret er pr. eining i fleirmannsbygg (Seksjonert eining/eining i burettslag/bueining i fleirbustad med eige gnr/bnr)
  4. Fabrikkpipe kr. 1 020,-
  5. Timesats kr. 886,- pr. person, Timesats blir nytta ved arbeid utanom pålagt feiing og tilsyn. Til dømes for kontroll av røykkanal etter pipebrann, reingjering av oljefyringsanlegg m.m.
  6. Gebyr for manglande tilgang til fyringsanlegg for feiing og tilsyn kr. 500,-
    Om kommunen, etter varsling nr. to, ikkje får tilfredstillande tilgang til fyringsanlegget, fordi eigar ikkje har vore til stades og/eller ikkje har lagt forholda til rette for tilgang, vert det gjeve særskilt gebyr.
  7. Fresing av skorstein 2 652,-

Feiing og tilsyn med fyringsanlegg i fritidsbustad

Eig du ein fritidsbustad, sel, seterhus, rorbu eller liknande med eldstad må du betale feie- og tilsynsgebyr. Grunnen til dette er at den nye forskrifta om brannforebygging set krav om at feiing og tilsyn med fyringsanlegg skal gjennomførast i alle fyringsanlegg som brukast til oppvarming av byggverk. Det er ikkje gjort unntak for fritidsbustadar slik det var etter tidlegare forskrifter. Det er heller ikkje gjort unntak for bygningar som brukast lite eller berre delar av året. Det inneber at det og skal feiast og førast tilsyn med både stølar/setre, rorbuer og liknande, dersom fyringsanlegget brukast til oppvarming.

Gebyr for uttrykking til ikkje naudsynte brannalarmar

Gebyr for ikkje naudsynte alarmar vert kr. 7 000,- pr. utrykking.

Med ikkje-naudsynt alarm vert det meint:

  • Alarm som gjer at det vert utrykking pga. teknisk feil på anlegget. 
  • Alarm som gjer at det vert utrykking pga. arbeid på alarmanlegget der 110- sentralen 
    ikkje er varsla. 
  • Alarm som gjer at det vert utrykking pga. arbeid med bygningar og vedlikehald, der 
    110-sentralen ikkje er varsla på førehand. 
  • Alarm som gjer at det vert utrykking grunna spesiell aktivitet som til dømes bruk av 
    scenerøyk, vassdamp, etc. der 110-sentralen ikkje er varsla på førehand.

Talet på ikkje-naudsynte alarmar:

  • Eigar/verksemd/kunde som har avtale knytt til 110-sentralen kan ha 2 utrykkingar 
    som ikkje er naudsynte pr. år utan at det fører til gebyr. 
  • Frå og med ikkje-naudsynt alarm nr. 3 pr. år vert kunde fakturert etter gjeldande 
    betalingsreglement i kommunen for kvar ikkje-naudsynt alarm der brannvernet utfører 
    tenester.
Byggesaksgebyr

Byggesak priser - A generelle reglar

A.1 Betalingsplikt

Den som får utført tenester etter dette regulativet, skal betale gebyr i samsvar med satsane og retningslinene i regulativet. Gebyrkravet skal rettast mot tiltakshavar, rekvirent eller den som har bede om å få utført aktuelt arbeid.

Det skal betalast fullt saksgebyr sjølv om søknaden vert avslegen. Det skal ikkje betalast gebyr av delar av søknad som ikkje er realitetshandsama.

A.2 Gjeldande regulativ

Gebyra skal reknast ut etter det regulativet som gjeld den datoen kommunen registrerer inn ein tilfredsstillande søknad, eller rekvisisjon. Det vil seie at dokumenta stettar dei minimumskrava som er kravd i forskrift.

Der eit tiltak er eit kombinasjonstiltak med fleire ulike og sjølvstendige brukseiningar, skal det betalast gebyr pr. eining. Unntak er vist i B.2.1 b og c.

Opplisting av tiltak under B.1 og B.2 er ikkje uttømande. Kommunen fastset i alle søknadssaker kva punkt i regulativet gebyret skal reknast ut etter.

A.3 Betalingstidspunkt

Alle som får utført tenester etter dette regulativet skal betale gebyr. Gebyret skal utsendast snarast etter at vedtak eller oppgåve er gjort.

Kommunen kan krevje at gebyret er betalt før kommunen si sakshandsaming tek til. For arbeid som skal betalast etter brukte timeverk, skal kommunen ved krav om førehandsbetaling stipulere gebyret. Når kommunen sine arbeid er fullført, skal kommunen rekne ut det endelege gebyret og skrive ut tilleggsrekning eller betale attende for mykje betalt gebyr.

A.4 Urimelege gebyr

Dersom gebyret er klart urimeleg i forhold til dei prinsipp som er lagt til grunn, og det arbeidet og dei kostnadar kommunen har hatt, kan kommunedirektøren eller den han/ho har gjeve fullmakt av eige tiltak fastsetje eit høveleg gebyr.

Fullmaktshavar kan under same føresetnad og med bakgrunn i grunngjeven søknad frå den som har fått krav om betaling av gebyr, fastsetje eit redusert gebyr. Avgjerd etter søknad om reduksjon av gebyr kan klagast på etter reglane i forvaltningslova.

A.5 Fritak for gebyr

Det kan gjevast heilt eller delvis fritak frå handsamingsgebyr dersom alle dei følgjande vilkåra er oppfylt:

  1. Tiltaket må heilt og fullt ha ideelle føremål og/eller tene allmenne interesser. Tiltaket skal ikkje tene berre ei mindre gruppe personar eller særinteresser.
  2. Søkjaren må vere lokal foreining eller lag med ideelt føremål, unntaksvis kan også enkeltperson(ar) vere søkjar
  3. Tiltaket skal ikkje tene næringsføremål eller gje inntekter til søkjar
  4. Tiltaket må vere av mindre omfang
A.6 Klage

Fastsetjing av gebyr i ei einskild sak etter regulativet, kan ikkje klagast på, jf. § 40 i forvaltningslova. Kommunen si avgjerd etter søknad om reduksjon av gebyr kan klagast påetter reglane i forvaltningslova. Enkeltvedtak etter dette regulativet kan klagast på. Fylkesmannen er klageinstans. Klage på gebyrfastsetjing gir ikkje utsetjing av betalingsfristen. Klagefrist er 3 veker.

Byggesak prisar - B tiltakssaker

B.1 Mindre tiltak på bebygd eigedom som krev søknad og løyve etter PBL § 20-2

B.1.1 Mindre tiltak på bebygd eigedom(jf PBL § 20-4 og Byggesaksforskrifta § 3-1)

  1. Tilbygg kr 4 800,-
  2. Oppføring, endring, m.v. av mindre frittliggande bygning kr 5 070,-
  3. Riving av mindre frittliggande bygning kr 3 490,-
  4. Terasse (inkl. utviding/endring) som ikkje er unnateke søknadsplikt kr 3 490,-
  5. Støttemur kr 5 800,-
  6. Bruksendring mellom tilleggsdel og hoveddel innanfor ei bueining kr 4 860,-
  7. Skilt- og reklameinnretning kr 3 490,-
  8. Antennesystem kr 3 490,-

B.1.2 Alminnelege driftsbygningar ilandbruket (jf PBL § 20-4 b og Byggesaksforskrifta § 3-2)

  1. Oppføring, endring, riving m.v- bruksareal inntil 1000 m2 BRA kr 5 070,-
  2. Tilbygg - bygningens totale bruksareal inkl. tilbygg < 1000 m2 BRA. kr 5 070,-

B.1.3 Mellombels bygningar, konstruksjonar eller anlegg (jf PBL § 20-4c)

  1. Oppføring av mellombels bygningar, konstruksjonar eller anlegg som ikkje skal plasserast for eit lengre tidsrom enn 2 år kr 5 070,-

B.1.4 Andre mindre tiltak (PBL § 20-2d)

kr 5 070,-

B.2 Tiltak som krev søknad og løyve etter PBL § 20-1 og 20-3

Saksgebyr for konstruksjon, anlegg og vesentlege terrengendringar, som er ein integrert del av ein byggesøknad, er medrekna i saksgebyret .

B.2.1 Oppføring av bygning (PBL § 20-1 a)

  1. Bustad og fritidsbygning (også rorbu) (Bygningstypekode 111-172 og 193-199) kr 17 320,-
  2. Bueining m. 2 til og med nr 5 i same bygning pr. bueining: kr 4 120,-
  3. Frå og med bueining m. 6 i same bygning pr. bueining: kr 2 550,-
  4. Garasje, uthus, naust (Bygningstypekode 181-182) inntil 100 m2: kr 4 800,-
  5. Garasje, uthus, naust (Bygningstypekode 181-182) > 100 m2: kr 8 500,-
  6. Lagerbygning som ikkje inneheld andre funksjonar kr 11 510,-
  7. Kontor, forretning, industri, forsamling og offentlege bygg 1000 m2 BRA eller mindre kr 49 200,-
  8. Kontor, forretning, industri, forsamling og offentlege bygg over 1000 m2 BRA kr 58 500,-
  9. Andre bygningar 1000 m2 BRA eller mindre kr 55 350,-
  10. Andre bygningar over 1000 m2 BRA kr 58 100,-

B.2.2 Tilbygg, påbygg, underbygg og plassering (PBL § 20-1 a og d)

For tilbygging av ny(e) bueining(ar) eller tilbygg, påbygg eller underbygg som vesentleg endrar eksisterande bygning, konstruksjon eller anlegg, skal det betalast gebyr som for nybygg.

  1. Bruksendring, tilbygg, påbygg eller underbygg. Bruksareal <100 m2 kr 10 282,-
  2. Bruksendring, tilbygg, påbygg eller underbygg, Bruksareal 101–200 m2 kr 14 050,-
  3. Bruksendring, tilbygg, påbygg eller underbygg, Bruksareal >200 m2 kr 16 500,-
  4. Tilbygg, påbygg eller underbygg til rein lagerbygning kr 10 150,-

B.2.3 Fasadeendring (PBL § 20-1 c)

For søknad som samstundes føreset endringar av eksisterande bygning, konstruksjon eller anlegg, skal det i tillegg til gebyr, betalast aktuelt gebyr for endringane.
a. Fasadeendring kr 5 070,-

B.2.4 Riving av bygning, konstruksjon eller anlegg (PBL § 20-1 e)

  1. Riving av bygning < 100 m2 kr 5 070,-
  2. Riving av bygning > 100 m2 kr 6 550,-

B.2.5 Arealuavhengege tiltak (PBL § 20-1 b,f, h-i og k-1)

  1. Bygningsteknisk installasjonar, installasjon eller rehabilitering/endring kr 5 070,-
  2. Skorstein, nyoppføring eller rehabilitering, inkl. eldstad kr 3 490,-
  3. Gjerde og innhegning kr 3 490,-
  4. Skilt eller reklameinnretning som ikkje tiltakshavar kan stå for sjølv. kr 5 300,-
  5. Mindre terrenginngrep, konstruksjonar og anlegg, veganlegg, parkering, damanlegg, flytebrygger, basseng, brønn, røranlegg o.l kr 5 070-
  6. Vesentlege terrenginngrep, konstruksjonar og anlegg, veganlegg, parkering, damanlegg, flytebrygge, basseng, brønn, røranlegg o.l kr 16 050,-
B.3 Godkjenning av foretak m.v. for ansvarsrett (PBL kapittel 22, 23 og 24)

a. Handsaming av søknad om ansvarsrett som sjølvbyggar kr 3 150,-
b. Handsaming av søknad om lokal godkjenning pr. føretak kr 3 150,-

B.4 Dispensasjon (PBL kapittel 19)

a. Dispensasjon handsama administrativt: per disp. kr 5 775,-

  • I saker som krev fleire administrative dispensasjonar vert det frå og med dispensasjon nr 2, gitt redusert gebyr på kr 3360,- per dispensasjon.

b. Dispensasjon handsama politisk: kr 16 800,-
c. Dispensasjon som gjeld utnytting i eldre reguleringsplanar der tiltaket er i samsvar med etablert praksis eller dispensasjon i LNF-område som gjeld mindre endringar på tiltak som allereie er etablert etter løyve frå kommunen, og der det ikkje er naudsynt å sende søknaden på høyring: kr. 3 360,-
d. Ved naudsynt løyve eller uttale/samtykke frå anna mynde eksternt (t.d. fylkeskommunen), pr. uttale/løyve: kr 2900,-     

B.5 Deling og grensejustering avgrunneigedom eller festetomt/festepunkt (PBL § 20-1 m)
  1. Frådeling og grensejustering pr. søknad kr 3 800,-
B.6 Endringar i høve gitt løyve
  1. Mindre endringar i saker etter pbl § 20-4 kr 2 640,-
  2. Mindre endringar i saker etter pbl § 20-1 kr 3 900,-
  3. Større endringar utløyser ny handsaming
B.7 Mangelfull søknad eller melding
  1. Etterlysing av manglande dokumentasjon i søknad utan ansvarlege føretak kr 1 250,-
  2. Etterlysing av manglande dokumentasjon i søknad med ansvarlege føretak kr 3 000,-
B.8 Igangsettingsløyve

Igangsettingsløyve, eit gebyr per løyve kr 4 230,-

B 9 Ulovlege byggearbeid

Ulovlege byggearbeid vert handsama i samsvar med plan- og bygningslova kapittel 32.

Seksjoneringsgebyr
A. Generelle reglar

A.1
Gebyrregulativet gjeld sakshandsaming etter reglane i eigarseksjonslova og omfattar ikkje løyve etter anna regelverk.

A.2
Gebyrsatsane er ikkje inkludert tinglysingsgebyr eller ev. dokumentavgift.

A.3
Gebyra er unnateke meirverdiavgift.

A.4
I saker som utløyser dokumentavgift må denne vere betalt før saka vert sendt til tinglysing.

A.5
Dersom andre enn søkar skal betale gebyret, må det føreligge skriftleg avtale mellom søkar og den som skal ha faktura. Søkar er solidarisk ansvarleg.

A.6
Det er ikkje klagerett på fastsetting av gebyr i enkeltsaker, der gebyret er heimla i eigarseksjonslova § 15. Søkar har likevel høve til å søke om reduksjon av gebyr, der gebyret framstår som klart urimeleg i forhold til dei prinsipp som er lagt til grunn. Søknad om reduksjon av gebyr må innsendast innan 3 veker etter at faktura er motteke.

A.7
Dersom eigar under saksgangen gjer endringar i grunnlaget for matrikkelføring av saka, vert gebyret likevel oppretthalde.

A.8
I ei sak der kommunen må innhente informasjon frå grunnboka ved bestilling av slik informasjon, vil slike kostnader bli lagt til dei andre gebyrkostnadane (ref. MDs rundskriv T-5/09).

A.9
Kommunestyret vedtek gebyrregulativet og endringar i dette, normalt i samband med kommunestyret si handsaming av budsjettet for komande år. Gebyrsatsane skal regulerast årleg, og satsane gjeld frå kunngjeringsdato. Alle satsar skal avrundast til næraste heile 50 kroner.

B.1 Oppretting av eigarseksjonar, nybygg
  1. Til og med 4 seksjonar kr 9 600
  2. 5–8 seksjonar kr 14 600
  3. Frå 9 seksjonar, tillegg pr ny seksjon* kr 1 000
    *Maksimalgebyr: 3 x satsen under pkt b)
B.2 Oppretting av eigarseksjonar, eksisterande bygg
  1. Til og med 4 seksjonar kr 14 600
  2. 5–8 seksjonar kr 19 300
  3. Frå 9 seksjonar, tillegg pr ny seksjon* kr 1 150
    *) Maksimalgebyr: 3 x satsen under pkt b)
B.3 Reseksjonering
  1. 1–4 seksjonar eller fellesareal endrast kr 14 600
  2. 5–8 seksjonar eller fellesareal endrast kr 19 300
  3. Frå 9 seksjonar, tillegg pr ny endra seksjon* kr 1 150

*) Maksimalgebyr: 3 x satsen under pkt b)

B.4 Synfaring

Synfaring av eigedom vert utført når kommunen finn dette nødvendig for handsaming av saka.
Gebyret kjem i tillegg til handsamingsgebyr under B1-B3 kr 4 200.

B.5 Sletting (oppheving) av seksjonert sameige

Sakshandsaming for å slette seksjonar på ein eigedom kr 6 000.

B.6 Saker som ikkje vert fullfør

Når saka av ulike grunnar ikkje kan sluttførast, kommunen avslår søknad eller søkar trekk søknad:
a. Avsluttast ei sak før sakshandsaming er påbegynt, skal det ikkje betalast gebyr.
b. Avsluttast ei sak etter at sakshandsaming er påbegynt beregnast 60% av sats etter B1-B3 avhengig av sakstype.

B.7 Oppretting av eksklusive uteareal

Krever eigen søknad og er omfatta av «gebyrregulativ for arbeid etter matrikkellova».

B.8 Utskrift av matrikkelbrev

kr. 230

 

Delings- og oppmålingsgebyr
5.1 Oppretting av matrikkeleining

5.1.1  Oppretting av grunneigedom og festegrunn

Areal frå 0–2 000 m2: kr 24 500
Areal frå 2 001–20 000 m2 auke pr. påbegynt da: kr 1 200
Areal over 20 000 m2 etter medgått tid: kr 1 000 pr. time. Minstegebyr kr 45 000

5.1.2  Matrikulering av eksisterande umatrikulert grunn

Areal frå 0–2000 m²: kr 3 450
Areal frå 2001–20 000m² auke pr. påbegynt da.: kr 600
Areal over 20 000 m2 etter medgått tid, pris pr. time: kr 1 000
Areal over 20 001 m² etter medgått tid, då ikkje under sats for 20 000 m². Minstegebyr kr 13 250,-

5.1.3  Oppmåling av uteareal på eigarseksjon

Gebyr for oppmåling av uteareal for 1 eigarseksjon kr 8 650.
Auke i gebyr for oppmåling av uteareal utover 1 eigarseksjon, pr seksjon kr 4 350.

5.1.4  Oppretting av anleggseigedom

Gebyr vert fastsett etter medgått tid. Timepris kr 1 000, minstegebyr kr 3 275.

5.1.5  Registrering av jordsameige

Gebyr for registrering av eksisterande jordsameige vert fakturert etter medgått tid. Timepris kr 1 000. Minstegebyr kr 3 275.

5.1.6  Oppretting av tilleggsareal som eigen matrikkeleining som tillegg til eksisterande grunneigedom eller festegrunn.

Gebyr: kr 15 000 + kr 10 per m²

5.1.7  Oppretting av punktfeste

Gebyr for oppretting av matrikkeleining for punktfeste kr 11 150.
Gebyr for oppretting av matrikkeleining der punktfestet er planlagt og koordinatbestemt i jordskiftesak, skal det reknast minstegebyr kr 3 450.

5.2 Oppretting av matrikkeleining utan fullført oppmålingsforretning

Viser til 5.1.1, 5.1.2, 5.1.4 og 5.1.5. I tillegg kan det kome tilleggsgebyr for å utføre oppmålingsforretning.

5.2.1 Avbrot i oppmålingsforretning eller matrikulering

For gebyr for utført arbeid når saka vert trekt før den er fullført, om den må avvisast, ikkje lar seg matrikkelføre på grunn av endra heimelsforhold eller om saka av andre grunnar ikkje kan fullførast, vert gebyrsatsane sett til 1/3.

5.3 Grensejustering

5.3.1  Grunneigedom, festegrunn og jordsameige

Ved gebyr for grensejustering kan arealet for involverte eigedomar justerast med inntil 5 % av eigedomens areal, (maksimalgrensa er sett til 500 m²). Ein eigedom kan imidlertid ikkje avgi areal som i sum overstig 20 % av eigedomens areal før justeringa. For grensejustering til veg- eller jernbaneformål kan andre arealklasser gjelde.

Gebyr: kr 9 000 + kr 10 per m²

5.3.2  Anleggseigedom

For anleggseigedom kan volumet justerast med inntil 5 % av anleggseigedomens volum, men den maksimale grensa er satt til 1 000 m³

Gebyr vert fastsett etter medgått tid. Timepris: kr 1 000. Minstegebyr kr 3 275.

5.4 Arealoverføring

5.4.1  Grunneigedom, festegrunn og jordsameige

Ved arealoverføring skal oppmålingsforretning og tinglysing gjennomførast. Arealoverføring utløyser dokumentavgift. Dette gjeld ikkje arealoverføring til veg- og jernbaneføremål. Når det gjeld dokumentutforming og utveksling av pengeytelse mellom partane, kan kommunen etter forskrift til matrikkellova §15, krevje at partane sjølv handterer dette, eventuelt at partane let seg bistå av eigedomsmeglar, advokat eller liknande.

0–2000 m²: pr. gong kr 24 500.
Arealoverføring pr. nytt påbegynt 1000 m2 medfører ei auke av gebyret på kr 1200


5.4.2  Anleggseigedom

For anleggseigedom kan volum som skal overførast frå ei matrikkeleining til ei anna, ikkje vere registrert på ei tredje matrikkeleining. Volum kan berre overførast til ei matrikkeleining dersom vilkåra for samanslåing er til stades. Matrikkeleininga skal utgjere eit samanhengande volum. 

Når det gjeld dokumentutforming og utveksling av pengeytelse mellom partane, kan kommunen etter forskrift til matrikkellova §15, krevje at partane sjølv handterer dette, eventuelt at partane let seg bistå av eigedomsmeglar, advokat eller liknande.

Areal frå 0–250 m³: Kr 17 300,-
Areal frå 251–500 m³: Auke pr. påbegynt da. kr 19 425,-
Volumauke pr. nytt påbegynt 500 m³ medfører ein auke av gebyret på kr 500

5.5 Klarlegging av eksisterande grense (koordinatbestemt)

Der grensa tidlegare er koordinatbestemt ved oppmålingsforretning:

  • For inntil 2 punkt kr 4 100
  • For overskytende grensepunkter, pr. punkt kr 1 200
5.6 Klarlegging av eksisterande grense (ikkje koordinatbestemt)

Der grensa ikkje tidlegare er koordinatbestemt.

For inntil 2 punkter kr 10 000,-
For overskytande grensepunkter, pr. punkt kr 1 800,-
Dersom alle grensene kring eigedomen skal gåast opp, skal det betalast gebyr etter § 5.1

5.7 Privat grenseavtale

Gebyr vert fastsett etter medgått tid.

Timepris: kr 1 000
Minstegebyr: kr 3 275

5.8 Andre oppmålingstekniske arbeid

Gebyr for oppmålingstekniske arbeid som ikkje vert dekt av dei satsane som nemnde ovanfor, skal utreknast etter brukt tid.
Timepris: kr 1000 + mva.
Ved markarbeid vert det lagt til bruk av oppmålingsutstyr kr 450 pr. time.
Meirverdiavgift skal eventuelt leggast til etter gjeldande reglar.

5.9 Forandringar i grunnlaget for matrikkelføring av saka

Gjer rekvirenten under saksgangen endringar i grunnlaget for matrikkelføringa av saka, opprettheld ein likevel gebyret.

5.10 Utferding av matrikkelbrev

Matrikkelbrev: kr 175

Endring i maksimalsats vert regulert av Statens kartverk i takt med den årlege kostnadsutviklinga.

5.11 Matrikkelføring der Statens vegvesen er gjennomfører oppmålingsforretning

Matrikkelføring for saker der Statens vegvesen gjennomfører oppmålingsforretning for veggrunn, skal gebyr reknast etter medgått tid, timepris kr 1 000, minstegebyr kr 3 275.

5.12 Nedsett gebyr etter matrikkellova

Etter matrikkelforskrifta § 18 skal kommunen gjennomføre oppmålingsforretning og fullføre matrikkelføring innan 16 veker etter rekvisisjonsdato eller etter delingsvedtak er gjort og klagefrist er utgått. Vert denne fristen overskride skal gebyret for oppmålingsforretninga og matrikkelføringa avkortast i samsvar med forskrifta.

Denne bestemminga skal ikkje nyttast vinterstid, jf. forskrifta § 18 tredje ledd. Ørsta kommune definerer vinterstid som tidsrommet frå og med 1. desember til og med 1. april. I denne perioden tel ikkje vekene med i tida på 16 veker for fullføring.

5.13 Betalingsvilkår

Betaling etter vilkår i pkt. 4.1 til 4.7.

Gebyrkravet vert retta mot rekvirent dersom ikkje anna skriftleg er avtalt.

Gebyr for arbeid etter matrikkellova skal utreknast etter det regulativet som gjeld den dato kommunen
mottek ein fullstendig rekvisisjon.

Kostnader som kommunen vert påført i samband med å hente inn relevante opplysningar i samband med
oppmålingsforretninga, og gebyr og avgifter som kommunen skal krevje inn for statlege etatar som til
dømes tinglysingsgebyr og dokumentavgift , vert fakturert vidare til rekvirenten og kjem i tillegg til
satsane over.

Når kommunen sine arbeid er utført, reknar kommunen ut det endelege gebyret og skriv ut rekning.
Timekostnad i dette regulativ skal dekkje både direkte og indirekte kostnader. Meirverdiavgift skal ikkje
reknast med unnatak for pkt. 5.8, der mva. skal leggast til etter gjeldande reglar.

Gebyr for private reguleringsplanar, reguleringsendringar og dispensasjonar
1. Generelt

LOVHEIMEL Plan- og bygningslova §33-1
Ørsta kommunestyre innførte dette betalingsregulativet i møte 14.04.97, sak 040/97.
Regulativet vart sist endra i kommunestyresak 06/24.

1. Generelt:
For at eit planframlegg eller søknad om dispensasjon skal verte teke opp til handsaming,
skal det betalast gebyr. Betaling av gebyr påverkar ikkje utfallet av saka, og kan ikkje
krevjast tilbake om det vert gjeve avslag på søknaden. Alle typar planar og planendringar
skal leverast i digital form i samsvar med dei krav til format som til ei kvar tid er gjort
gjeldande.

1.1 Regulativet omfattar slike saker:
a. Private framlegg til reguleringsplanar - detaljplanar (jf. pbl §12-3)
b. Søknad om endring av gjeldande reguleringsplan (jf. pbl. §12-14)
c. Søknad om «mindre endringar» og «små endringar» av reguleringsplan (jf. pbl §12-14)
d. Søknad om dispensasjonar frå arealplanar og/eller lov eller føresegner (jf. pbl. kapittel 19)

1.2 Regulativet omfattar likevel ikkje:
Søknader om dispensasjon som ikkje verkar inn på andre fagmynde sine interesser og som
ikkje treng sendast på ekstern høyringsrunde, herunder mindre tomtetillegg og frådeling av
areal rundt eksisterande bygning som ikkje medfører endra arealbruk og ”frådeling til uendra
bruk”. Desse sakene følgjer gebyrregulativ fastsett for eining byggesak og oppmåling.

1.3 Fritak frå gebyr:Det kan gjevast heilt eller delvis fritak frå handsamingsgebyr dersom alle dei følgjande
vilkåra er oppfylt:
1. Tiltaket må heilt og fullt ha ideelle føremål og/eller tene allmenne interesser. Tiltaket
skal ikkje tene berre ei mindre gruppe personar eller særinteresser
2. Søkjaren må vere lokal foreining eller lag med ideelt føremål, unntaksvis kan også
enkeltperson(ar) vere søkjar
3. Tiltaket skal ikkje tene næringsføremål eller gje inntekter til søkjar
4. Tiltaket må vere av mindre omfang

Dersom det er tvil om eit tiltak eller ein søkjar fell inn under kriteria, kan spørsmålet om fritak
leggast fram for politisk organ samstundes med handsaming av søknaden.

Storleiken på gebyret kan reduserast dersom det openbert må vurderast som urimeleg og i
strid med prinsippet om sjølvkost.

2. Handsamingsgebyr

Før saka vert teken opp til administrativ saksførebuing, skal det betalast eit handsamingsgebyr på kr 19 700.

3. Arealgebyr for reguleringsplanar

I tillegg til handsamingsgebyr skal det betalast eit arealgebyr for handsaming av framlegg til reguleringsplan (detaljreguleringsplan) etter det samla arealet planen omfattar. Dette gjeld byggeområde og fellesområde, vegar og annan privat arealbruk, åleine eller i kombinasjon med andre føremål. Arealbruksføremål knytt til allmenne interesser, offentlege byggjeområde og vegareal, landbruksområde, spesialområde bevaring/vern og andre føremål som ikkje vert rekna som privat arealbruk er unntatt frå arealgebyr. Der byggeføremålet er knytt til punktfeste, skal det reknast arealgebyr etter pkt. 3.2 med 1 daa for kvart pkt.

Der kommunen gjev pålegg om utviding av planområdet for areal som alt er utbygd i samsvar med aktuelt reguleringsføremål, skal dette ikkje inngå i grunnlaget for arealgebyret.

Arealgebyret skal betalast etter at planutvalet har gjort vedtak om utlegging til offentleg ettersyn, men før planen vert annonsert og utlagt til offentleg ettersyn. Dersom planutvalet avviser planen, skal det betalast 50 % av arealgebyret. Dersom forslagstillar krev planen lagt fram for kommunestyret, skal det betalast fullt gebyr uavhengig av utfallet av saka.

3.1 Oppstartsmøte
Fast gebyr for møte i samsvar med pbl § 12-8 1. ledd: kr 5 500,-

3.2 Arealgebyr
a) Fast gebyr inntil 5 000 m² kr. 32 100,-
b) For kvar påbyrja 1 000 m² for areal mellom 5 001 og 30 000 m² kr. 2 100,-
c) For kvar påbyrja 10 000 m² ut over 30 000 m² kr. 4 100,-

3.3 Konsekvensutgreiing
I dei tilfelle reguleringsplanen skal utarbeidast med konsekvensutgreiing (KU), jf. forskrift om
konsekvensutgreiingar, skal det for kommunen sitt arbeid betalast eit gebyr tilsvarande 50%
av pkt. 3.1.a). Utgifter som kommunen måtte ha til ekstern fagleg bistand kjem i tillegg.

3.4 Reguleringsendring og dispensasjon
a) Ved ordinær endring av reguleringsplan gjeld reglane for utarbeiding av ny plan.
b) Ved endring av reguleringsføresegner åleine, skal det berre betalast handsamingsgebyr.
c) Ved «mindre reguleringsendring» skal det betalast handsamingsgebyr etter pkt. 2.
d) Ved «små reguleringsendringar», administrativ handsaming: gebyr kr 5.900,- (kjem i
staden for handsamingsgebyret etter pkt. 2).
e) Ved politisk handsaming av dispensasjonssaker skal det betalast gebyr etter pkt. 2.
f) Ved dispensasjonssaker, administrativ handsaming: gebyr kr. 5.900,- (kjem i staden for
handsamingsgebyret etter pkt. 2).
g) For politisk handsaming av dispensasjonssøknader utan høyring betalast gebyr
tilsvarande 70% av handsamingsgebyret etter pkt. 2. Dersom saka vert sendt på høyring i
ettertid skal gebyret samla samsvare med gebyret etter pkt. 2.

4. Særskilde utgreiingar/undersøkingar

Tiltakshavar må koste granskingar som følgje av kulturminnelova (t.d. arkeologiske undersøkingar), plan- og bygningslova (t.d. flaum- og skredfarevurderingar) og ev. andre særskilde utgreiingar som må gjennomførast som følgje av tiltaket sitt omfang, karakter eller lokalisering.

5. Justering av gebyrsatsane

Gebyrsatsane skal justerast årleg med verknad frå 1. januar.

Landbruksgebyr

1. Handsamingsgebyr for delingssaker etter jordlova: kr 2 000,-
2. For saker etter konsesjonslova (konsesjonssaker): kr 5 000,-