Pris og moderasjon

Pris og moderasjon

Frå 01.08.2025 er maksprisen (sett av Stortinget) for barnehageplass kr 1 200. Maksprisen gjeld for alle barnehagar, uavhengig av om dei er offentlege eller private. 

Heiltids- og deltidsplassar

Pris barnehageplass
År / Plass100%80%70%60%50%
Frå 01.08.20251 200*1 1801 1801 080900

*Nasjonal makspris frå 01.08.2025 

Les om søk barnehageplass.

Matpengar

Barnehagane krev betaling for kost (matpengar) i tillegg til maksprisen. Satsen for matpengar er kr 500 for 100% plass. 

Redusert plass gir redusert pris på kost.

Kjøp av ekstra dag

Har du ikkje 100% plass, men ynskjer å kjøpe ein ekstra dag, så er dette mogleg. Pris for ein ekstra dag er kr 300.

Søskenmoderasjon

Kommunen gir foreldre 30 prosent reduksjon i foreldrebetaling for barn nummer 2 og 100 prosent reduksjon i foreldrebetaling for barn nummer 3 eller fleire barn, dersom:

  1. Søsken bur fast saman, og
  2. går i barnehage i same kommune.

Føresette treng ikkje å søke om denne moderasjonen.

Redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid

Redusert foreldrebetaling

Ingen hushald skal betale meir enn 6% av inntekta si for ein barnehageplass. Foreldrebetalinga er også avgrensa av maksimalprisen. Det er hushaldet si brutto inntekt som vert lagt til grunn. Skattefrie inntekter skal ikkje inkluderast. Det er Lov om barnehagar og Forskrift om foreldrebetaling i barnehagen som avgjer foreldrebetalinga i barnehagen.

  • Skattepliktige ytelser som arbeidsavklaringspenger, dagpenger, uføretrygd er eksempel på inntekter som reknast med i grunnlaget. Det er bruttosats som må dokumenterast.
  • Barnetrygd, barnebidrag, stønad til barnetilsyn, sosialstønad og studielån til dømes er skattefrie ytelser/overføringar som ikkje reknast med i inntektsgrunnlaget

Som eit hushald reknar ein ektefelle, registrerte partnarar og sambuarar. Bur eit barn fast med begge foreldra, skal foreldrebetalinga reknast ut frå inntekta i hushaldet der barnet er folkeregistrert. 

Meir informasjon finn du på Utdanningsdirektoratet.no.

 Søknad 

Gratis kjernetid

Frå 1. august 2016 har alle 2-, 3-, 4- og 5-åringer, og barn med utsett skulestart, som bur i hushald med lav inntekt rett til å få 20 timar gratis opphaldstid i barnehage per veke. 

Meir informasjon finn du på Utdanningsdirektoratet.no.

Søknad

Søknad og handsaming

Søknad og søknadsfrist
Handsaming
Utrekning av redusert foreldrebetaling
Krav til dokumentasjon

Kontakt

Irene Yksnøy Lianes rådgjevar barnehage
46824228
@ Irene Yksnøy Lianes
Reidun Mo barnehagemynde / rådgjevar barnehage
47641489
@ Reidun Mo