SFO - Vartdal skule

SFO - Vartdal skule

Tilsette ved Vartdal SFO

Koordinator: Gunn Fremmerlid Brandal
Assistent:
Karin Signe Vartdal
Goda Bastauskiene
Rakel Hordevik Indreeide
Viktoriia Karnarska - vikariat
Lærling: Iselin Borgen


Praktisk informasjon

Vartdal SFO har 22 barn fordelt på ulike tilbod. Vi har base i SFO-bygget. SFO gir tilbod til elevar frå 1. til 4. trinn og til elevar med særskilde behov frå 1.–7.trinn.


Vartdal SFO opnar kl. 07.15–08.45 og 13.15–16.15. Dei SFO-tilsette tek del på kommunen sine planleggingdagar i august. 

SFO sin opningstid følger skuleruta.
Ferietilbod i august, haustferie, vinterferien og juni blir ved Velle skule.
 

Morgon 

SFO opnar kl.07.15 og stenger kl.16.15.
Vi har morgontilbod ved SFO bygget til kl.08.45. Der får barna frukost om dei ynskjer det. Her kan barna også spele spel, teikne, leike eller slappe av med vener. Kl. 08.30 går elevane etter kvart ut til friminutt. Der er det mjuk overgang til skuledagen startar kl. 08.45.


Samarbeid med skulen

Vartdal SFO har lokale i sambruk med skulen og er møblert med tanke på dette. På SFO skal det vere rom for leik og læring, fysisk aktivitet, ro og kvile. 

SFO har også tilgong til skulen sine spesialrom som gymsal, skulekjøkken og grupperom. Det vert sett av tid til samarbeid mellom personalet på skule og SFO. 

Faste tilbod på desse ettermiddagane:

  • Måndag: Gymsal kl.13.30-14.15
  • Tysdag: Vennekafe kl.14.20-15.00

Vi er med i Matjungelen, eit aktivitetsprogram for SFO, der barn kan leike og lære om mat som er bra for kropp og klode.

Plasstilbod

SFO Alle
Type plass Tidspunkt Ferie-SFO Fakturert
Heilt tilbod 11 mnd 5 dagar veke 20 dagar 11 mnd
Heilt tilbod 10 mnd 5 dagar veke Nei 10 mnd
Delt tilbod 11 mnd 3 dagar veke 12 dagar 11 mnd
Delt tilbod 10 mnd 3 dagar veke Nei 10 mnd
Korttidsplass morgon morgonar 5 dagar i veka Nei 10 mnd
Korttidsplass ettermiddag etter skuletid 5 dagar i veka Nei 10 mnd
Gratis-plass (berre for 1.–3. kl) 12 timar i veka (2,4 time per dag, fastsett tid) 6 dagar (fastsette datoar) -
Ekstra dag Kun mogleg i skuleåret, ikkje i ferieane. Nei Saman med valt tilbod

Tidspunkt for gratis-plass

Kvar ettermiddag 5 dagar i veka: Frå skuleslutt til kl. 15.40.

Prisar, ferie-SFO og meir informasjon om SFO