Vigilo er no teken i bruk

Illustrasjon: Vigilo

Ørsta kommune har fått nytt Oppvekstadministrativt system, Vigilo. Systemet har ein foreldreportal(nettportal) og ein app til Android/iPhone.

Vigilo skal nyttast til: 

  • Kommunikasjon mellom barnehagen/skulen og heimen 
  • Søkje, endre eller seie opp SFO-/Barnehageplass 
  • Sjå og endre helseopplysningar (allergiar og medisinske tilhøve) 
  • Melde fråvær 
  • Ulike søknadar 
  • Samtykker 
  • Sjå fråvær og karakterar(ungdomsskulen) 
  • Sjå fakturagrunnlag for din SFO-/barnehageplass 
  • Sjå personalia om barnet 

Alt dette kan du gjere i foreldreportalen på vigilo.no/orsta.

I appen er det begrensa funksjonar, men du kan gjere dette:

  • Melde fråvær 
  • Kommunikasjon mellom heimen og barnehagen/skulen.
     

 Du loggar deg inn i Vigilo foreldreportal via ID-porten, på sida:

 vigilo.no/orsta

Foreldre som skal søke barnehageplass til barn som ikkje har plass frå før, må bruke eiga lenke: Søknad om plass. Når plass er tildelt, kan de gjere endringar via foreldreportalen. 

Foreldreportalen er tilgjengeleg både på PC og i nettlesar på smarttelefon eller nettbrett, men bruk helst appen for smarttelefon (sjå under). Sjå også hjelpeartikkel for innlogging i foreldreportalen i Vigilo hjelpesenter.   

Vigilo app 

Vigilo app er eit alternativ til foreldreportalen på nett. Du lastar ned appen gratis på App Store (iOS), Google Play (Android) eller App Gallery (HarmonyOS). 

Første gongen du loggar deg inn gjer du det via ID-porten. Du må då opprette ei firesifra PIN-kode som du skal bruke når du loggar deg inn neste gong. Alternativt kan du aktivere biometrisk innlogging.

Sjå også hjelpeartikkel om nedlasting og innlogging i Vigilo app i Vigilo hjelpesenter. 

Følg oss