Utdeling av kulturpris og næringspris 2022

Bildet viser varaordførar Karen Høydal som overrekker kulturprisen til ung representant frå Vartdalsstranda generasjonskorps. - Klikk for stort bileteDen yngste representanten frå Vartdalsstranda generasjonskorps, Mikael Espelund, tok i mot kulturprisen 2022 på vegne av korpset. Ingvild Marie Taraldset


Under kommunestyremøte torsdag 15. desember vart kulturprisen og næringsprisen for Ørsta kommune 2022 delt ut.

I år gjekk kulturprisen til Vartdalsstranda generasjonskorps og næringsprisen gjekk til Vatne Dekkservice AS. Begge prisane er eit diplom og ei pengegåve på 20.000 kroner. Vartdalsstranda generasjonskorps spelte også to julesongar for kommunestyret og dei som var tilstades. Det var ei fin markering.

Grunngjevingar


Kulturprisen 2022

Vartdalsstranda generasjonskorps vart forma på tidleg 2000-talet, og er ei forlenging av gamle Vartdal Hornmusikk, skipa i 1954, og Vartdalsstranda skulekorps, skipa i 1972.

Visjonen til korpset er samhald, sprell og speleglede. I dag er alderen på medlemane frå sju til 78 år. Fleire familiar har med både tre og fire spelande i rekkene, og kan med rette kalle seg eit generasjonskorps. Gjensidig respekt og samarbeid rår, der små og store spelar kvarandre trygge og gode.

Generasjonskorpset er viktig for lokalsamfunnet på bygdene langs Vartdalsstranda, og spreier musikkglede på tvers av generasjonar. 

Vi gratulerer!

Næringsprisen 2022

Harald Vatne starta bedrifta i 2008 med base i Åmdalen. I 2018 vart dei ein del av Dekkpartner-kjeda og i 2019 flytta dei inn i meir sentrumsnære lokale i Anders Hovden-gate. Omsetninga har auka jamt, og bedrifta har no om lag 950 dekk-hotell kundar, noko som utgjer 3800 dekk på lager til ei kvar tid – det krev plass. Det har vore ein bratt bakke med vekst – frå fire millionar i Åmdalen, til 16 millionar i dag. I februar 2022 fusjonerte Vatne med MB Dekkservice AS og Morten Bjørdal kom inn på eigarsida. I tillegg til desse to har bedrifta ein fast tilsett og ein lærling. I periodar tek dei inn ekstra hjelp. Vatne og Bjørdal vil utvikle bedrifta vidare, og skal utvide lokala med ny hall.

Små verksemder som Vatne Dekkservice AS er viktige for samfunnet vårt. Det gir gode arbeidsplassar og livsgrunnlag for familiar.

Vatne Dekkservice AS er ei lita bedrift som har styrka sin posisjon med eit stort pågangsmot og ein stor arbeidsinnsats. Kundane seier at det er kjekt å kome til Dekkservice. Ein får god service, gode råd og blir tatt godt vare på av kjekke og trivelege personale.

Vi gratulerer!

 

Harald Vatne tok i mot diplom for Næringsprisen 2022. Ingvild Marie Taraldset

Følg oss