Ikkje forbod mot heliumballongar

HeliumballongPer i dag ligg det ikkje føre noko forbod mot sal av heliumballongar i Ørsta.

Kommunestyret har ikkje gjort vedtak om dette, trass innhaldet i artikkelen til Møre Nytt publisert på nett 1. mai 2019: «Minner om ballongforbod i Ørsta». Det var derimot sendt ein interpellasjon til kommunestyret til møtet 26. april 2018, som ikkje vart teke opp.

  • Det vert utgreidd om det skal setjast eit nasjonalt forbod mot sal av heliumballongar, men her er det ikkje gjort noko endeleg vedtak.
  • Det kan ikkje innførast eit generelt forbod av kommunen. Fleire andre kommunar i landet har difor lagt ned eit forbod mot sal av heliumballongar på kommunal eigedom, under dette gate/veggrunn. Ørsta kommune har ikkje innført eit slikt forbod.

Følg oss