UKM Ørsta/Volda 2021 – Sjå filmen her!

Året 2021 vart eit annleis år, med meteren og nedstengingar heile fyste del. Likevel skulle det vere UKM, om ikkje heilt slik det brukar å vere.

I staden for det vanlege sceneshowet på Ørsta kulturhus med publikum vart det leigt inn profesjonelt kamerateam og lydteknikar.

Alle deltakarane fekk kome til tildelte tider og spele inn sin eigen musikkvideo.

Ørsta og Volda har fantastisk flinke ungdomar som leverte eit fantastisk show kvar og ein.

20. november vert det fylkesfestival i Ørsta. Kven av deltakarane som skal delta der er ikkje klart, men vi lovar at fleire vert å sjå. Denne gongen med publikum i salen.

Følg oss