Sverre Sørdal får kulturprisen 2020!

Foto: Robert Skeide

 

I levekårsutvalet 18. november vart det offisielt at Sverre Sørdal får tildelt kulturprisen 2020. Prisen vert utdelt i kommunestyremøte 15.desember. 

 

Grunngjeving

Sverre Sørdal har i mange år vore ein entusiast og pådrivar som med ein uvanleg innsatsvilje har skapt musikkglede og godt miljø i lokalsamfunnet.

Han har i lengre periodar vore dirigent for Vartdalsstranda Skulekorps og Ørsta Hornmusikk. Som dirigent har han vist kva ein entusiastisk og målretta dirigent betyr, –  i seinare år også for Ungdomssymfoniorkesteret til kulturskulane i Ørsta og Volda. Sverre Sørdal var også rektor for Ørsta kulturskule i 1976–86.

Ørsta kommune vil verdsetje og heidre denne innsatsen med tildeling av kulturprisen i 2020.

Følg oss