Feiring av Frisk og aktiv sin eittårsdag Den 26. juni hadde Frisk og Aktiv gjengen frå Ergo, Fysio og Friskliv i Ørsta kommune, Dalane og Sæbø barnehage feiring av ettårsdagen for oppstart av prosjektet. Frisk og Aktiv er eit prosjekt i Ørstabarnehagen med fokus på å styrke dei motoriske ferdigheitene til alle barna. Dalane og Sæbø barnehage vore pilotbarnehagar dette barnehageåret. Erfaringane har vore gode og til hausten skal ytterligare to barnehagar i Ørsta i sving. Fleire barnehagar står på venteliste for å komme i gang. Under samlinga 26. juni var det over 50 barn i sving på Legene. Ergo,fysio og Friskliv hadde med seg aktivitetsutstyr og leiker som barna fekk utforske. Både på kunstgrasbana og i skogen ovanfor var det moglegheit for å å svinge seg i trea og boltre seg i graset. Det var kun blide ansikt som strålte av meistring og rørsleglede å sjå. Både små og store fryda seg over å leike i lag. Aktive born treng bra mat, og til lunsj vart det servert fiskeburger med grønnsaker i fleng. Avslutta dagen med fellesaktivitet Dagen vart avslutta med styrt fellesaktivitet. Her bidrog superbrukarane frå dei to barnehagane med si kompetanse og erfaring, og leia ungane i ulike gruppeaktivitetar. Superbrukarane er vaksne med ekstra ansvar for planlegging og gjennomføring av Frisk og aktiv i barnehagekvardagen. Både forskning og erfaringar syner at ei systematisk satsing på motorikk gjer barnet meir modent og klar for læring ved skulestart. Motorisk aktivitet har også positiv verknad på samhaldet i barnegruppa. Gjennom året har dei vaksne på Sæbø og Dalane barnehage bygd kompetanse i høve fysisk aktivitet og motorikk i lag med ergoterapeut og fysioterapeutar frå Ørsta kommune. Det unike er at alle dei vaksne i barnehagen har vore involverte i prosjektet på ein eller annan måte. Dei har leia grupper og vorte dyktige på å observere det enkelte barn og utfordre barna der dei er i utviklinga. Ein har arbeidd for at aktivitetane skal vere ein naturleg del av den daglege aktiviteten og leiken i barnehagen slik at barna ikkje merkar at dei trenar. Spontane kommentarar frå barna er at dette er kjekt! Publisert 28.06.2019 11:22