Brannøving: Anders hovden-gata

Måndag 23. september, mellom 18.00 – 20.00, vil Ørsta brann og redning ha ei større kjemikalieøving i Anders hovden-gata/ krysset til Ørsta ungdomsskule.

Det vil bli sirener og blålys. Les meir

Tek opp regulering av flyplasskrysset

Klikk for stort bileteDet har over lengre tid vore arbeidd med å lande ei god løysning for å utbetre dagens flyplasskryss. 

Etter at nye høgderestriksjonar har kome på bordet, noko som bidreg til betre og billegare løysningar, vel kommunen å ta på seg ansvaret for ny regulering av området, for å få fortgang i saka. Dette skjer sjølv om ei ny rundkøyring og regulering av flyplasskrysset ligg på E39, og såleis er Statens vegvesen sitt ansvar.
 

Gjeldande reguleringsplan frå 2011

Utgangspunktet for gjeldande reguleringsplan frå 2011 av området rundt flyplasskrysset, kom som ein effekt av at dagens plassering av krysset var i konflikt med høgderestriksjonane som var gjeldande rundt flyplassen. Høgderestriksjonane på dette tidspunktet var altså i konflikt med dagens trasè, og førte til at dagens kryss måtte flyttast nordaust for å imøtekome krava. Dette gjorde det utfordrande å løyse kabalen med E39, fv. 50 Torvmyrane og den kommunale vegen Leitevegen, då det kom i konflikt med eksisterande arealbruk. Gjeldande reguleringsplan frå 2011 er ikkje gjennomført.

 

Nye høgderestriksjonar hausten 2017

Hausten 2017 kom det nye høgderestriksjonar, desse var meir lemplege enn dei tidlegare krava som gjaldt når gjeldande reguleringsplan vart vedteken. Høgderestriksjonane som er gjeldande i dag gjer at Avinor har gjeve kommunen klarsignal på at den planlagde rundkøyringa på E39 kan flyttast i nærleiken av der flyplasskrysset er i dag, men det krev ein ny reguleringsplan. At flyplasskrysset med ei ny rundkøyring kan ha same eller liknande trasè som i dag, vil gi ei betre og billegare løysning. Ved bygging av nytt flyplasskryss får ein både eit kryss med større kapasitet, som vil gje betre trafikktryggleik, som legg betre til rette for kollektivtilbod til flyplassen og som også gjev gode løysingar for dei mjuke trafikantane.

 

Kva skjer no?

Neste del i prosessen inneber at Ørsta kommune no innhentar pristilbod på konsulentoppdrag for utarbeiding av reguleringsplanframlegg. Det vil deretter verte kunngjort formell planoppstart. Når planframlegget er ferdig utarbeidd, vil det på vanleg måte verte lagt ut til offentleg ettersyn før planutval og kommunestyre gjer vedtak om ny plan. Det vil då ligge til rette for bygging av nytt flyplasskryss så snart finansiering er sikra.

Fann du det du lette etter?