Verdig markering av 22. juli i Laguneparken

Kransar blei lagt ned ved 22. juli-minnesmerket  

Om lag 50 personar møtte fram i Laguneparken torsdag 22. juli for å minnast ofra for terrorhandlinga i 2011. Markeringa vart halden ved minnesmerket for terrorhandlinga og for Guro Vartdal Håvoll, som døydde på Utøya for 11 år sidan.   

Arrangementet blei leia av Varaordførar Karen Høydal (AP), og ho ynskte velkomen til Ørsta kommune si markering. Leiar for Møre og Romsdal AUF, Jens Aklestad heldt deretter ein appell.  

Varaordførar Karen Høydal og leiar for AUF Møre og Romsdal Jens Aklestad holdt appell ved 22. juli minnesmerke.

Innlegg frå Karen Høydal (AP):

Vi markerer22. juli for aldri å gløyme terroren og hatet som utløyste bombeeksplosjonen i Regjeringskvartalet  og skytinga på Utøya for 11 år sidan. Det er den verste terroraksjon sidan krigen i landet vårt, i alt 77 personar omkom og mange vart hardt skada for resten av livet.

18. juni i år opna minnesmerke på Utøyakai, ein stad å minnast og ein stad som skal bere arven etter dei omkomne vidare, ein stad der ein får krefter til å kjempe for fellesskapet.

Vi har eit inderleg ønskje om at det ikkje skal skje igjen, men kreftene som står bak ei slik hending lever i samfunnet - det viser seg igjen og igjen. Skyting på Utøya, skyting i Oslo, skyting i Kjøpenhamn med mål om å skade, drepe, skape frykt og gjere folk utrygge. Kva som får gjerningspersonar til å gjennomføre slike grufulle handlingar, har ikkje eit enkelt svar. 

Vi ser mobbing og trakassering mot personar og grupper.  Ein må få vere den man er. Det er enkelt å slenge ut meiningar på sosiale media. Ord kan bli til handling. Tenk over at det kan øydelegge livet for andre. Viktige verdiar verdiar som toleranse og respekt må vi ta vare på, ikkje ta det for gitt.

Vi må stå saman i møte med vold og hat. Kvar enkelt av oss og samfunnet generelt, organisasjonar og det politiske miljø. Vi må ha eit ope og inkluderande samfunn som motverkar diskriminering og fordomar.

Ei av dei som reiste til Utøya med forventningar i 2011 frå bygda vår var Guro Vartdal Håvoll som vart drepen der. Ho skulle ha fylt 29 år i år. – Ho var eit sjeldant politisk menneske, med eit stort og varmt engasjement.

Ørsta kommune vil minnast Guro med blomar.

Det vart også lest opp ei helsing frå Støttegruppa etter 22. juli i Nordvest:

«Kjære alle sammen.

I dag markerer vi at det er 11 år siden terroren rammet oss. Det er 11 år siden den mørke fredagen forandret oss, og Norge for alltid.

Det er 11 år siden det verste skjedde noen av oss.

Det er 11 år siden Guro Vartdal Håvoll og 76 andre uskyldige mennesker mistet livet for høyreekstrem terror.

11 år siden mange mennesker ble forandret for alltid.

Det moderne Norge mistet uskylden sin denne fredagen for 11 år siden. Vi mistet vår naive tro på at politisk vold ikke kan skje i Norge. Vi mistet den verdifulle tryggheten om at ingen skal drepes for at de mener noe.

Vi har også opplevd dette i årene etter 2011.

I 2019 ble Johanne 17 år drept av en høyreekstrem, i juni i år ble to menn drept i Oslo i en islamsk-ekstremistisk terrorhandling.

Vi har sett at det skjer igjen.

Guro og de 76 andre som ble drept fredagen for 11 år siden hadde drømmer og visjoner om et inkluderende og godt samfunn for alle.

Et trygt samfunn for alle.

Derfor er det viktig å markere 22.juli, også etter 11 år.

Derfor er det viktig i dag å tenke over hvordan vi alle kan være med å verne om og formidle de grunnleggende verdiene samfunnet vårt bygger på.

Bare slik hedrer vi minnet etter Guro og de 76 andre som ble drept.

Bare slik kan vi si –aldri mer 22.juli.»

Støttegruppen 22.juli Nordvest

Følg oss