Vellearkivet - ein presentasjon på biblioteket

Klikk for stort bileteFotografen Martin Velle i et stilstudie med pipa i handa. Truleg eit sjølvportrett. Foto eigd av: FylkesFOTOarkivet

Kva kan vi gjere med 30.000 personbilete i arkivet etter Martin Velle (1905-1989) - Eller kva skal vi med dei?

Dato: 24. oktober. 
Kl. 19.00 - 20.00

Lenkje til nettarkivet

For snart ti år sidan fekk FylkesFOTOarkivet arkivet etter Ørsta-fotografen Martin Velle i gåve frå sønene hans. No er arkivet til den særs dyktige portrettfotografen digitalisert, registreringa komen godt i gang, og tida er inne for å presentere arkivet for ørstingane, og ta det i bruk!

Portrettarkiv

Sverre Krøvel Velle er notert opp som første kunde i Velles protokoll. Han vart fotografert 25.11.1933. Terje Engeseth Pettersen er siste bokførte kunde som nr. 8.517, fotografert 24.06.1974. Fotoarkivet innheld først og fremst portrett, familie- og brudebilete, gruppe-, barne- og passbilete, ma. bilete til "tvangspass" frå 2. verdskrig.

Alt ligg no til rette for å ause av denne flotte kjelda, men fotoarkivaren treng hjelp frå publikum til å utvikle arkivet vidare. Det trengast hjelp til identifisering, og av omsyn til personvernet, trengast det hjelp for å få løyve til å syne fram mange av personbilda i arkivet. Mellom dei som har gjeve løyve er journalisten Per Jarle Hellevik. Han var elev ved Volda gymnas på 1970-talet, og Velle fekk oppdraget med å fotografere studentane.

Dugnadsarbeid 

I dei siste seks åra har ein iherdig dugnadsgjeng ved FylkesFOTOarkivet arbeide med arkivet. Meir enn 2000 bilete ligg no på nett i databasen til FylkesFOTOarkivet. Ørsta kommune har kvart år bidrege med støtte til arbeidet.

Velle - den beste fotografen?

Martin Velle (1905-1989), Olav Lystad (1906-1995) og P.P. Lyshol (1914-1994, Sykkylven) gjekk under omgrepet "Sunnmørsfotografane". Neppe utan grunn! Lystad var avgjort den mest premierte, ikkje minst for sine mange landkapsbilete. Der var han suveren. Som fotograf var han særs produktiv, var ein dyktig forretningsmann og dreiv nærast "lærlingefabrikk" i Ørsta. Velle dreiv for seg sjølv og var elles aktiv i lokalpolitikken. Dei tre vart rekna som dei beste i si tid i Møre og Romsdal. Kanskje mellom dei beste i landet?

Store og viktige kjelder

FylkesFOTOarkivet er ein del av Interkommunalt arkiv M&R. Dei har overteke portrettarkivet til Velle og Lystad, men førebels har dei "berre" fått digitalisert ferdig Velle-arkivet med 30.000 negativ!

Dei store fotografiske kjeldene som er tekne vare på på Sunnmøre borgar for at mykje av historia som kan formidlast i bilete, vert teken vare på. Først og fremst er det bilete av folka som har budd og arbeidd i Ørsta og grendene kring dei siste 80-90 åra.

Tar ein med td. den produksjonen av bildebøker og interesse for foto, bevaring og formidling av gamle bilete Jostein O. Mo har gjort i godt over 35 år i privat og kommunal regi, tronar Ørsta høgst opp på lista over «fotobevaringskommunane». Ikkje berre i fylket, men truleg har Ørsta vore ein av dei beste kommunane i landet til å sikre fotohistoria for ettertida.

Fann du det du lette etter?