Tips for meir brannsikker bruk av alkoholhaldig desinfeksjonsvæske

Tenkjer du eller di bedrift over kvar ein plasserer og oppbevarer brannfarleg desinfeksjonsmiddel?  

Brannfarleg desinfeksjonsvæske vert ofte plassert i nærleiken av anna brennbart materiale eller på ein måte som kan blokkere rømningsvegen om mange skal raskt ut samtidig. Foto: BSR AS 

Etter covid-19 utbrotet har desinfeksjonsmiddel vorte tilgjengeleg nærast over alt. Men, mange er uvitande over brannfara dette kan medføre. Det anbefalast å plassere desinfeksjonsmiddel med minst 3 meter avstand frå brennbare materiale. Ved små behaldarar (maks 125 ml) kan avstanden reduserast.

 

Her er nokre tips for meir brannsikker bruk av alkoholhaldig desinfeksjonsvæske

  • Ikkje plasser dispenser slik at rømmingsforholda vert forvanska
  • Ha tiltak som kan hindre tenning og spreiing i rømmingsveg
  • Ha tiltak som kan avdekkje at brann skjer, i og med at flammen i brennbar veske er «usynleg» i starten
  • Ha tiltak/middel for å kunne slokke ein brann på kropp/hud
  • Avklar kor mykje brennbar væske som er forsvarleg å lagre på den gitte staden
  • Ikkje oppbevar væska i nærleiken av mogleg tennkjelde eller brennbare gjenstandar
  • Ikkje lagre eller oppbevare brennbare materiale i nærleiken av væska

Vi oppmodar butikkar, institusjonar og andre som har plassert ut desinfeksjonsvæske om å vurdere brannrisikoen og om naudsynt iverksette tiltak for å minimere denne. 

Les meir om brannfarlege desinfeksjonsmiddel på brennaktuelt.no

 

Kjelde: Brennaktuelt

Følg oss