Statsforvaltaren: Framandarter og hagerømlingar i naturen

Kjempebjørnekjeks/tromsøpalme. Desse artane er ofte 2-3 meter høge, men kan bli endå høgare med gode vekstvilkår. Plantane spreier seg både med frø og med rot- og stengelbitar. Får dei vekse i fred kan dei invadere store areal – fleire mål! - Klikk for stort bileteKjempebjørnekjeks/tromsøpalme. Pixabay   

Har du sett framande artar i naturen? Statsforvaltaren ønsker informasjon om kjempebjørnekjeks i heile fylket og kjempespringfrø på Sunnmøre.

Statsforvaltaren skriv:

Framande, skadelege planteartar tar over og "spis opp" anna vegetasjon i Noreg. Dei vert einaste planta som står igjen i området. Slik øydelegg dei naturmangfaldet. Mange av desse plantane er rømlingar frå hagane våre. Derfor blir dei ofte kalla "hagerømlingar". Berre i fellesskap kan vi fjerne dei frå naturen. 

Høyr podkast

I denne podkasten får du høyre at du kan vere med å sikre naturmangfaldet i Norge. Det gjer du mellom anna ved ikkje å plante framande og forbudte planter i hagen din. Om du allereie har nokre slike planter, er det ditt ansvar å sørge for at dei ikkje sprer seg - og rømmer frå hagen din. Om du skal fjerne dei, må du ikkje dumpe hageavfall i naturen. Det kan vere nok til at plantene veks opp i grøfta der du slapp dei ned. 

Det er berre i fellesskap at vi kan bekjempe framande arter i naturen i Norge. Del gjerne denne informasjonen om korleis vi i lag kan få fjerna desse artane! 

Du kan melde frå til Statsforvaltaren om du finn framande artar i naturen i Møre og Romsdal. Spesielt ønsker vi informasjon om kjempebjørnekjeks i heile fylket og kjempespringfrø på Sunnmøre. Du melder funna til ansgr@statsforvalteren.no. Du kan også ta bilde og legge det inn i artsobservasjoner.

Med i podkasten er rådgiverane Hege Steigedal og Andreas Granli. Kommunikasjonsrådgiver Lena Skattum Sandvik leiar programmet. Lars Levende Jacobsen styrer lyden.  

 

Les meir om hagerømlingar
Les om "Hjelp til med å nedkjempe framande artar"

Følg oss