Rekneskapstal 2020

Pixabay   

Førebels årsrekneskap frå Ørsta kommune viser eit positivt netto driftsresultat på kr 724.000.

Det utgjer 0,08 % av driftsinntektene. Det tilrådde nivået er 1,75 % av driftsinntektene og netto driftsresultat ligg dermed kr 15,3 mill. under det tilrådde nivået på kr 16 mill.

Trass i at det kom ei utbetaling frå havbruksfondet på kr 6,8 mill. som ikkje var budsjettert, vart dei frie inntektene likevel kr 3,5 mill. lågare enn budsjettert.

Netto finansutgifter var kr 5,6 mill. lågare enn budsjettert.

Tenestene (seksjonane og stabane) hadde eit netto mindreforbruk på kr 12,1 mill. Dei fleste seksjonane har relativt store mindreforbruk, men framleis har særleg helse og velferdstenester eit stort meirforbruk på kr 7,6 mill. Eigedom og tekniske tenester har også eit meirforbruk som til saman utgjer kr 1,8 mill.

Ekstra overføringar til kommunen som følgje av koronapandemien har i mindre grad hatt påverknad på driftsresultatet då desse i hovudsak har finansiert ei tilsvarande auke i utgiftene.

Fleire detaljar kjem i årsrekneskapen og årsmeldinga som vert lagt fram for politisk behandling i april. Større eller mindre endringar kan kome i samband med ferdigstilling og revisjon av rekneskapen.

Følg oss