Pensjonistavslutning 2019

Elisabeth Sæbønes  I tradisjon tru, vert det på slutten av året heldt avskilsmarkering i Ørsta kommune. Her får våre flotte tilsette som i løpet av året har gått av med pensjon, sin velfortente heider.

I år har vi 24 tilsette som har eller skal gå av med pensjon, og alle vart inviterte til kaffi, kaker og feiring i kantina på rådhuset tysdag 3.desember. Elevar frå kulturskulen spelte til allsongen Sjå tusen julelys bli tent. I tillegg var det eit musikalsk innslag av ein av elevane. Vi fekk tilbakeblikk frå tida i Ørsta kommune frå nokre av pensjonistane. Både ordførar, rådmann og konstituert personalleiar var med på feiringa.  


"Ørsta kommune har gleda av å få gjere litt ekstra stas på trufaste medarbeidarar som i løpet av 2019 går over i ein ny fase av livet. Ei fase som for nokon er etterlengta og vert kjærkome teke i mot, medan det for andre kan føre til utfordringar ein kanskje ikkje var heilt budde på. Men akkurat no skal vi få lov til å ta vare på denne stunda, og saman gjere ho til eit godt minne som de kan ta med dykk inn i pensjonistkvardagen", sa konstituert personalleiar under markeringa.
 

Dei tilsette i kommunen får ein krystallvase som kommunal avskilsgåve når dei går av med pensjon. I tillegg fekk til saman 12 av årets pensjonistar også med seg KS sitt heidersmerke og diplom. Dette vert tildelt tilsette som har meir enn 25 år i kommunal/fylkeskommunal teneste.

Vi takkar:

(Dei som er utheva fekk også KS sitt heidersmerke).

Erna Hovland
Norunn Sætre
Marit Nytun
Else-Mari Roth
Maria Roushan
Hilde Sandvik
Martin Roger Åsen
Geir Oddekalv
Noralf Knut Akslen
Hilde Karin Johnsen

Jorun Berit Gamlem
Anne Berit Havåg Takset
Anne Grete Akslen
Edel Johanne Mo
Kjellrun Myklebust
Anne Elisabeth Ose Velle
Solveig Petra Vartdal
Johanne Mari Rønning
Erna Olaug Sekkesæter
Solrunn Petra Walseth
Åshild Lianes
Lindor Knut Myklebust
Anne Lise Velle
Zuzanna Øye

Følg oss