AV-OG-TIL er ein organisasjon som arbeider for betre alkovett i befolkninga. Tysdag 5. desember signerer Ørsta kommune ein samarbeidsavtale med organisasjonen. Det betyr at kommunen mellom anna skal arbeide lokalt med informasjon om alkohol.
Elise Nyborg Eriksen frå AV-OG-TIL seier arbeidet kommunen skal ta tak i er viktig.
- Det handlar om å møte folk der dei er, noko kommunane i aller høgste grad gjer. Derfor er eg særs takksam for avtalen Ørsta no skrive under på med AV-OG-TIL, seier Eriksen.
Kommunen vert del av eit nettverk med 50 kommunar, som alle arbeider for betre alkovett. I Møre og Romsdal er også Sykkylven og Ålesund AV-OG-TIL-kommunar. Ordførar Stein Aam (Sp) er glad for samarbeidet.
- Vi har stor tru på at vi alle tener på å samordne innsatsen. No er vi på veg mot same mål som ei rekkje andre kommunar: For godt alkovett, seier Aam.
Set fokus på juletida
Video frå AV-OG-TIL kampanje: "Hvor mange glass tåler barnet ditt?"
Elise Nyborg Eriksen frå alkovettorganisasjonen, forklarar at alkovett ikkje handlar om å korke flaska.
- Det handlar om å ha eit gjennomtenkt forhold til eigen alkoholbruk. Å tenke over om ein skal drikke, og når ein skal stoppe. Vi kjenner alle nokon som slit, og mange har fått merke at alkohol også kan ha ei trist eller vond side. AV-OG-TIL jobbar derfor spesielt med situasjonar der alkohol kan vere til skade eller ulempe for andre eller eiga helse, forklarar Eriksen.
Eit døme er julehøgtida, som AV-OG-TIL saman med kommunane vil rette spesiell merksemd mot slutten av året.
- Jula skal vere barna si høgtid, men samtidig er desember den månaden vi drikk mest alkohol. For nokre barn kan det verke utrygt eller ekkelt når vaksne drikk. Vi veit at 90.000 barn veks opp i heimar der minst ein av foreldra har misbrukt alkohol det siste året. Difor må vi tenke over «kor mange glas tole barnet mitt?», seier Eriksen.
- Får tilgang til nyttige verkty
Folkehelsekoordinator Ingvild Endal vert AV-OG-TIL-koordinator i kommunen, og vil leie arbeidet lokalt.
- Gjennom dette samarbeidet får vi tilgang til nye verkty og tiltak. Eg ser fram til å setje i gang med arbeidet som skal sjå til at innbyggjarane i Ørsta kan få god og kvalitetssikra informasjon når det gjeld alkohol, seier Endal.
Fakta om AV-OG-TIL
- Arbeidar med haldningar for godt alkovett i samfunnet.
- Arbeidet er retta mot situasjonar der alkohol er ein særleg risiko eller kan vere til ulempe for andre.
- Bak AV-OG-TIL står politiske parti, faglege og frivillige organisasjonar.
- Samarbeidar lokalt med 50 kommunar og 460 idrettslag over heile Noreg.
- Det er gratis å vere ein AV-OG-TIL-kommune. Dei får tilgang til ressursar og kampanjemateriell om alkovett.
Les meir om det å vere AV-OG-TIL-kommune her: http://avogtil.no/lokalt