Ørsta kommune signerer avtale med Viti

Ordførar Stein Aam i Ørsta kommune og styreleiar i Viti, Jon Aasen, kommunedirektør i Ørsta Wenche Solheim og administrerande direktør i Viti Audhild Gregoriusdotter Rotevatn. Øyvind Rødset/Ørsta kommune Ørsta kommune og Stiftinga Viti har signert ein fireåring samarbeidsavtale. Avtalen sikrar museumsdrift og kunst- og kulturvernfaglege tenester i og for Ørsta dei neste fire åra.

– Dette har vore ein god prosess og vi er svært glade for å underskrive avtalen, seier ordførar i Ørsta, Stein Aam. Aam og styreleiar Jon Aasen signerte avtalen på Ørsta Rådhus 21. september.

– Viti har mykje frå Ørsta i samlingane våre. No kompletterer vi det heile med Brudavolltunet og tar eit fagleg og heilskapleg ansvar for kulturarven i Ørsta, seier styreleiar i Viti, Jon Aasen.

Meir kulturpengar frå Ørsta

Samarbeidet mellom Viti og Ørsta kommune har tidlegare ikkje vore formalisert . Stiftinga Viti (tidlegare Musea på Sunnmøre) har no sikra at Ørsta kommune får bidrag frå både fylke og stat for å ta vare på kulturarven frå kommunen.  Når ein no har signert fireåring avtale inneber det også at Ørsta kommune skal trappe opp det økonomiske bidraget til Viti.

– For Ørsta kommune er det godt å vite at kulturarven vår er sikra god finansiering i ein kulturinstitusjon gjennom spleiselaget stat, fylke og kommune. Kommunen er også avhengig av fagkompetansen som Viti kan tilby, seier kommunedirektør Wenche Solheim.

Sikrar arbeidsplassar

Viti er den største kulturinstitusjonen mellom Bergen og Trondheim med 63 tilsette og har kontor i Volda, Ålesund, Sykkylven og Vestnes. Viti har nedslagsfelt på heile Sunnmøre og driv med forvalting av samlingar, arkiv og antikvariske bygg, forsking og formidling. Ein vesentleg del av avtalen er at Viti skal no vere rådgjevar for kommunen i kulturfaglege spørsmål, inkludert arkeologi.

Noko det har vore arbeidd mykje med i Ørsta er å legge til rette for god frivilligheit. Administrerande direktør i Viti, Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, framhevar det gode samarbeidet med dei frivillige i Ørsta Bygdemuseumslag. Ørsta kommune har gjennom avtalen sikra dei frivillige sine interesser for framtida. Det har vore ei rekkje dialogmøte mellom dei frivillige og Viti over fleire månader.

– Viti fusjonerer no med Stiftinga Brudavolltunet, og vi har brukt mykje tid saman med dei frivillige for å finne ein god veg saman. Dei dyktige frivillige skal framleis få halde fram med aktivitetane sine på Brudavollen, framhevar Rotevatn.

Viti har no skrive samarbeidsavtale med både Ørsta og Volda kommunar. Dette er med å sikre kompetansearbeidsplassar på søre Sunnmøre.

– Møre og Romsdal er eit fylke der det er få kulturarbeidsplassar. Attraktive lokalsamfunn må tilby breidde i arbeidsmarknaden. Ikkje minst stimulerer gode kulturarbeidsplassar frivillig sektor – og dermed får ein vinn-vinn-situasjon, avsluttar Rotevatn.

Ordførar Stein Aam i Ørsta kommune og styreleiar i Viti, Jon Aasen, signerer avtale om fireårig samarbeid. Audhild Gregoriusdotter Rotevatn/Viti   

Følg oss