Ordføraren trur Ørsta får ny vidaregåande skule i 2022

Skisse Europan - ny vidaregåande skule ØrstaDen politiske viljen er stor for at Ørsta vidaregåande skule vert realisert i 2022 seier ordførar Stein Aam 

Fylkesrådmannen tilrådde ein million til planlegging av den vidaregåande skulen for inneverande år utan at det vart avsett meir i Økonomiplanen 2019 - 2022.

Fylkesutvalet handsama den reviderte økonomiplanen 2019 – 2022 tysdag, og utvalet endra på fylkesrådmannen si tilråding. Etter ein beinhard kamp gjekk fylkesutvalet inn for å løyve ti millionar kroner i planleggingsmidlar, dei kjem i tillegg til millionen fylkesrådmannen har tilrådd. Ordførar Stein Aam og Hans Olav Myklebust (Frp) var på Molde under forhandlingane måndag. 

Midlar til ny skule er ikkje tilrådd men planleggingsmidlar skal no vere på plass. Atterhaldet er fylkestinget si handsaming seinare i juni, seier ordførar Stein Aam.

Kjem vedtaket ut med det fylkesutvalet rår til, er Stein Aam overtydd om at det vil gå vegen for eit nybygg. Han ser det som ein klar instruks til fylkesrådmannen om å følgje opp med midlar i den nye økonomiplanen som skal vedtakast i desember.

For Ørsta er dette den viktigaste saka no, eg har lova å stå knallhard på for å få dette til. Eg har med meg heile det politiske miljøet, noko eg sett stor pris på seier ordføraren.

 

Følg oss