AKTUELT NO:

Alt om korona  |  Bestill koronatest  |  Koronavaksinering​​​​​​​

Oppstart av "Leve heile livet"

Klikk for stort bileteFoto: Pixabay

 

Tysdag 23. februar hadde Ørsta kommune sitt fyrste møte i arbeidet med «Leve heile livet». 

Leve heile livet er ei kvalitetsreform for eldre som vart vedtatt i Stortinget 20.desember 2018. Utgangspunktet for Leve heile livet er å skape eit meir aldersvenleg samfunn der eldre lev gode liv og deltek i fellesskapet. 

 

Kort om Leve heile livet

Overordna skal reforma bidra til:

  • Fleire gode leveår
  • Pårørande som ikkje blir utslitt
  • Tilsette som trivast på jobben og får brukt si kompetanse

Ute i lokalsamfunna finnast det gode løysingar som sikrar gode kvardagar og tenester til eldre. Men mange av dei gode løysingane blir teke i bruk av for få kommunar og for tilfeldig. Difor blir ikkje tilbodet godt nok og kvaliteten på tenestane til eldre varierer for mykje. 

Reforma Leve heile livet består av 25 konkrete og utprøvde løysingar på område der ein veit at det ofte sviktar i tilbodet til eldre i dag:

  • Eit aldersvenleg Noreg
  • Aktivitet og fellesskap
  • Mat og måltid
  • Helsehjelp
  • Samanheng i tenestane

 

Kva skal gjerast i Ørsta i 2021?

I Ørsta er fysioterapeut Stina Jakobsen prosjektleiar for Leve heile livet. I løpet av 2021 skal vi finne ut kva framtidige behov vi har i Ørsta. I fyrste fase skal ei kartleggingsgruppe kartlegge utfordringar i tenestene og kva som fungerer bra. Kartleggingsgruppa er tverrsektoriell og tverrfagleg, i tillegg til at eldrerådet og råd for likestilling av funksjonshemma er representert. Seinare skal også innbyggjarane involverast, i samarbeid med frivillige organisasjonar og næringsliv. Ut frå dette skal ei arbeidsgruppe foreslå løysingar og innsatsområder framover, og lage ein tiltaksplan som skal behandlast politisk. 

Kontakt

Stina Jakobsen Fysioterapeut
46 82 07 53
@ Stina Jakobsen

Følg oss