Oppdatert: Kokepåbodet for Åmbakk til Bondalseidet er no oppheva
Vi har no oppheva kokepåbodet for strekninga frå Åmbakk til og med Bondalseidet. Det er sendt ut SMS- varsel til abonnentane i området der ein har oppheva kokepåbodet.
3. mai 2024:
Etter melding om funn av bakteriar i drikkevatnet, må alle abonnentar til kommunal vassforsyning på strekninga frå og med Åmbakk og til og med Bondalseidet koke alt vatn til drikke og matlaging.
Kommunen har sett i verk kloring av vatnet i området. Det kjem oppdatering på kommunen si heimeside og via SMS til abonnentar som er råka når vatnet er trygt å nytte utan koking.
Publisert av Ingvild Marie Taraldset
Publisert 10.05.2024 12:17