Nye rektorar og ny styrar klare for hausten

Det blir fleire skifte i leiarstillingane i Oppvekst, kultur og inkludering til hausten og no er vi i mål med tilsettingsprosessen.

Prortrettbilde av Hilde Bjørkedal. - Klikk for stort bileteHilde Bjørkedal

Hilde Bjørkedal er tilsett som rektor/tenesteleiar for Vaksenopplæring og integrering frå 01.08.2024. Ho får med det ansvar for vaksenopplæring, introdukjsonsprogrammet for flyktningar og flyktningtenesta, eit område som har hatt stor vekst siste åra. 

Hilde Bjørkedal har vore konstituert i stillinga sidan juni 2023, og er no fast tilsett som tenesteleiar. Ho kom frå stillinga som assisterande rektor ved Ørsta opplæringssenter. Hilde har relevant leiarutdanning, master i undervising og læring, og elles lang erfaring med vaksenopplæring og norskopplæring.

 

Portrettbilde av Hanne Iren Øyra. - Klikk for stort bilete

Hanne Øyra er tilsett som rektor ved Dalane skule frå 01.08.2024. Ho kjem frå stilling som konstituert assisterande rektor ved Volda ungdomsskule. 

Øyra har lang fartstid som lærar i ungdomsskulen og har også erfaring som trinnleiar. Ho har leiarutdanning og held på fullføre master i utdanningsleiing og skuleutvikling ved NTNU.

 

Portrettbilde av Yngve Vadstein. - Klikk for stort bileteYngve Vadstein

Yngve Vadstein er tilsett som rektor ved Vartdal skule frå 01.08.2024. 

Han har vore lærar ved skulen siste åra, og var før det lærar ved Ørsta ungdomsskule sidan 2008.  Vadstein har vore styreleiar i privat barnehage og også hatt fleire leiarverv i frivillige lag.

 

Portrettbilde av Toril Rypdal. - Klikk for stort bileteToril Rypdal

Toril Rypdal er tilsett som styrar ved Vartdal barnehage frå hausten 2024. Ho kjem frå stilling som pedagogisk leiar i Farkvamen barnehage. 

Rypdal har lang erfaring som styrar og har mellom anna starta og drive barnehage i mange år på Costa Blanca, Spania.

 

Kommunalsjef for Oppvekst, kultur og inkludering er nøgd med nyrekrutteringane, og ser at vi får eit godt leiarlag vidare.
 

Følg oss