Nye digitale tryggleiksalarmar

Ørsta kommune satsar på velferdsteknologi, og har no teke i bruk nye digitale tryggleiksalarmar. Tryggleiken til brukarane er i fokus.

Kva er ein tryggleiksalarm?

Tryggleiksalarm skal bidra til auka tryggleik i heimesituasjonen og til å førebyggje behov for andre tenester. Dette er eit varslingssystem der brukar kan tilkalle hjelp ved fall eller andre ulukker. Det er ikkje ei lovpålagt teneste i kommunen.

Tildeling av tryggheitsalarm vurderast med utgangspunkt i kartlegging av funksjonivå, der det vert lagt vesentleg vekt på evne til å ivareta eigenomsorg.

Du kan lese meir om tryggleiksalarm her
 

Slik fungerar den:

Den digitale tryggleiksalarmen er ei boks, med tilhøyrande smykke/armband. Den har innebygd SIM-kort og skal ikkje koplast til telefonen din, men den verkar via mobilnettet og må vere tilkopla straum. 
 

Dette skjer når du trykkjer på knappen: 

Då vil alarmen gå til Ørsta kommune sitt alarmmottak, dei vil ringe deg opp via ein høgtalar på boksen for å avklare situasjonen og så vidare sette i verk nødvendige tiltak. 

Hugs å alltid ha knappen tilgjengeleg
Andre sensorar som kan koplast til alarmen er dørsensor, sengesensor og fallsensor. Smykket har ei rekkevidde på om lag 100 meter frå alarmboksen. Rekkevidde utanfor huset må testast.
 

Forskjell frå før:

Før vart tryggleiksalarmane drifta av av Røde kors og kopla mot alarmsentralen i Ålesund. No vert tryggleiksalarmen kommunalt drifta og alarmmottaket vert heimetenesta i Ørsta. Dette gir mellom anna nærleik til andre tenester som brukaren måtte ha i tillegg til tryggleiksalarm

Kontakt

Oddvar Marøy samhandlingskoordinator i helsefellesskapet
91851882
@ Oddvar Marøy

Følg oss