Næringsprisen for Ørsta kommune 2015 til Hotel Union Øye

Næringsprisen - Mariann Øye.jpg

I møte 3. november 2015 vedtok Ørsta formannskap å gi næringsprisen 2015 til Hotel Union Øye. Prisen vart tildelt på kommunetyremøte i dag, torsdag 10. desember 2015. 

Grunngjeving: 

Hotell Union Øye er eit av dei eldste og mest ærverdige hotella vi har i Noreg. Det er i dag
eigd av 62°Nord, og har 27 unike rom. Dei siste åra har underetasjen vorte pussa opp og
oppgradert til flotte lokalitetar for kurs og konferanse. Dette har vore ein strategi for å gi eit
tilbod til bedriftsmarknaden, samstundes som ein sikrar berekraftig drift over ein lengre
sesong.
 
Hotellet er bygd i sveitserstil og vart opna 5. juni 1891, og feirar neste år 125 års jubileum.
Det har eit svært spesielt interiør der du blir sett over 100 år tilbake i tid, og du opplever ein
god atmosfære og ro i dei ulike roma. Hotellet har frå starten av vore kjend for å vere
vertskap for celebre gjestar frå både inn og utland. Eg kan nemne alt frå engelske lakselordar
og tindebestigarar, til Edvard Grieg, Karen Blixten, Kong Wilhelm, Dronning Alexandra og
Roald Amundsen. I 1906 var også Kong Håkon med Dronning Maude og tre år gamle
Kronprins Olav på signingsferd.
 
I 1993, etter at hotellet vart nyopna etter ei omfattande restaurering, fekk det besøk av heile
det europeiske kongehuset i forbindelse med Kong Harald og Dronning Sonja sitt
sølvbryllaup, og dette sette igjen Hotell Union Øye på Europakartet. Ei oppfølging frå
Toppen Becks tv-serie “Herskapelig” løfta igjen fram eksklusiviteten til dette hotellet.
Det har alltid vore lagt vekt på at gjestane skal føle seg heime, og det handlar om å gi
gjestane noko ekstra når dei kjem til dette hotellet. Det unike byggverket som er omkransa av
ein fantastisk natur, har lokka både eksellenser og folk flest til Union Øye.
 
Mariann Øye Mork som vart tilsett som direktør ved hotellet som 22-åring i 2009, var då
Noregs yngste hotelldirektør. Ho har teke ansvar for å vidareføre hotellet sin gode service og
sitt gode rykte, ved å levere noko ekstra og uventa for sine gjestar.
Mariann byr på seg sjølv med ein velkomst og eit handtrykk til gjestane som gjer at ein føler
seg “heime” frå første stund, ikledd ei staseleg drakt frå Syd-Tirol. Ho syter også for å
vidareføre hotellets lune atmosfære med gode historier og vakker song i hotellet si “Solstue”.
Hotel Union Øye.
 
Det er heilt klart at dette hotellet framstår frå A-Å med eit unikt særpreg. All honnør til
leiing, hotelldirektør og tilsette for at dei fører denne kulturskatten vidare i vår kommune, og
samstundes har etablert trygge arbeidsplassar i grenda.
 
Næringsprisen er eit bilete og ei pengegåve på kr.10.000,-
 
Gratulerer!
Mariann Øye og Ordførar Stein Aam.jpg
 

Følg oss