Næringsprisen 2019 til Staurset AS

Klikk for stort bilete

 

I kommunestyremøtet i dag, vart Næringsprisen 2019 utdelt med diplom og 20.000 kr. Næringsprisen for Ørsta kommune vart tildelt Staurset AS med følgjande grunngjeving:

Staurset A.S. er 107 år. Ei tradisjonsrik konfeksjonsbedrift som i starten dreiv med skreddarverksemd.
Då Ørsta la grunnlaget for å satse på industri ved kraftutbygging i 1915, flytta Herlof Staurset Konfeksjon frå Vanylven til Ørsta. Dei bygde ny fabrikk i Vikegata, denne inneheldt kontor, fabrikk og fabrikkutsal over 3 etasjar, og på det meste var der 120 tilsette.

I 1970-åra var det store strukturendringar i konfeksjonsindustrien, og 1981 vart Staurset-fabrikken nedlagt, men fabrikkutsalet med herre- og ungdomskle som hadde vore knytt til fabrikkdrifta vart vidareførd, og vart det som skulle bringe denne bedrifta vidare.

Dagens drivarar Odd og Hallbjørn Staurset er tredje generasjon Staurset, som på 90-talet overtok og utvikla butikken til å verte ein komplett konfeksjonsbutikk for herre, dame, ungdom, samt sportskle og fjellutstyr.
Det er ein kjedeuavhengig og familieeigd butikk, som har utvikla eit tilbod som kundane set stor pris på, dei yter ein god service og er dyktige til å gi kvar enkelt kunde ei god oppleving.

Dei driv også eigen verkstad for at kundane skal få tilpassa sine klesplagg, det bidreg til eit høgare servicenivå i denne næringa. I dagens konfeksjonsbransje er dette unike kvalitetar som Staurset A.S. er åleine om å tilby kundane i distriktet.

Butikken i Vikegata er lett tilgjengeleg frå Vikegata, har også inngang frå eigen parkeringsplass, er lys og oversiktleg med ei god eksponering av varene, og kundane møter alltid ei hyggeleg betjening.

 

Takk for innsatsen og lykke til vidare!