Næringsprisen 2016 til Bjørdal Industrier AS

Klikk for stort bilete

I møte 8. november vedtok Ørsta formannskap å gi næringsprisen 2016 til Bjørdal Industrier AS.

Grunngjeving


Bjørdal Industrier har ei lang og god historie i Ørsta.  Frå 1907 då Petter E. Bjørdal starta sin smedverkstad med vognmakarkunsten som spesialområde,  via sønene si oppbygging  av mekanisk verkstad på vikeøyrane, til den moderne industribedrifta vi ser i dag.  Med ei omsetning på om lag 75 millionar kroner i år, og  med eit solid bein i fiskerinæringa,  er bedrifta ein god og viktig arbeidsplass for om lag 30 tilsette. 

Ein stabil arbeidsstokk med høg kompetanse har vore viktig for utviklinga av bedrifta.  Ei bedrift som er god på omstilling til nye produkt og nye marknader. Bedrifta har ein effektiv produksjon og utfører spesialoppdrag saman med eit nettverk av nasjonale og internasjonale underleverandørar.
 
Vi snakkar om ei bedrift som er skreddarar i stål, som utviklar nye produkt i samarbeid med kundane, og kan nemne dømer som:
Notvaskar og vassrensing, høgteknologisk vasskjæremaskin, balkongar med rekkverk av rustfritt stål, stålkomponentar til kraftverksbransjen og store bygg, komplette prosessliner til fiskefarty og landbaserte anlegg, for å nemne noko. 
 
Bjørdal Industrier tek hand om heile prosessen, frå prosjektering og utvikling til produksjon og montering. Dei leverer eit komplett produkt, og det set kundane pris på! Bjørdal Industrier er eit velkjent merkenamn med godt omdøme, og med kundar på alle kontinent.
 
Bjørdal Industrier sine kjerneområde er konstruksjon og montering av stålbygg og stålkonstruksjonar, i tillegg til prosjektering og levering av komplette fabrikkar til båtar. Dette er ei avansert og moderne bedrift som har utvikla jarnet sine eigenskapar frå smie til glatt rustfritt stål, tilpassa både matproduksjon og berande konstruksjonar. 
 
Fabrikken om bord på fiskebåten Ramoen er eit godt døme. Bjørdal Industrier har designa og utvikla, produsert og montert, alt med tanke på effektive produksjonsliner med gode og avanserte styringssystem. 
 
Neste år kan Bjørdal Industrier AS feire 110 år.  Ein sentral person i oppbygginga og utviklinga av selskapet har vore Elling Bjørdal. Sidan han vart tilsett i 1967 gjekk han gradene frå rekneskapsmedarbeidar til aksjonær og økonomisjef på 80-talet. Frå 2000 var han også dagleg leiar, og var med å etablere dagens Bjørdal Industrier i 2001. I dag takkar vi Elling for det han har betydd for bedrifta og for Ørsta.
 
I dag er Bjørn Meek eigar og drivar av Bjørdal Industrier AS. Ei bedrift som ser framover, og som byggjer vidare på industrihistoria til selskapet – og til Ørsta. Heile tida med fokus på neste prosjekt.
 
Det er ei stor glede å tildele Ørsta kommune sin næringspris for 2016 til Bjørdal Industrier AS ved dagleg leiar Bjørn Meek og Leif Petter Øyehaug (repr. frå dei tilsette i styret).
 
Næringsprisen er eit bilete og ei pengegåve på kr. 10.000,-
 
Gratulerer!