AKTUELT NO:

Mykje godt arbeid av kommunen

Seksjon Tekniske tenester har vore i sving for å avgrense konsekvensane av ekstremvêret Gyda Ulf Kristian Rognstad

– Kommunen har vore så godt førebudde som vi kanskje aldri før har vore, seier ordførar Stein Aam. Gode førebuingar og godt arbeid både før og under Gyda har vore med på å avgrense skader. Både teknisk etat, politisk leiing og fleire andre i kommunen har vore og er framleis i sving, og ekstremvêret er særs godt handtert.

Statusrapport Ørsta kommune torsdag 13. januar kl. 09:00

Kriseleiinga hadde eit kort statusmøte i dag kl. 09:00, der dei gjekk gjennom hendingar utløyst av ekstremveret Gyda i løpet av kvelden/natta til torsdag.

Nokre av punkta som vart diskutert:

  • Det ser ut som vatnet er på retur, men vi veit enda ikkje kor mykje vatn som kjem i løpet av dagen.
  • Fleire kjellarar har fløymt over, og nokre har også fått kloakk i retur
  • Brann og redning har vore ute og lensa kjellarar som fløymde over. Vert det mange overfløymde kjellarar har ikkje brann og redning moglegheit til å hjelpe alle samstundes, men dei går over så mange dei kan.
  • Overvassnettet fungerer godt, med nokre få utsette punkt som Rossåa og på Ose.
     
  • Vegar:

    • Ei vasskade på Brungodt – skogsbilveg vaska ut
      Status 14.01. kl 16.00: Skaden er utbetra, vegen er open.
       
    • Hustadnesvegen var stengd som eit føre-var tiltak jf. raset som gjekk i fjor haust.
      Status 14.01. kl 16.00: Vegen er no opna igjen, men kommunen oppmodar folk om ikkje å opphalde seg i rasområdet. Ved aukande nedbør vil ein vurdere stenginga på nytt.
       
    • Norangsdalen var stengd
      Status 14.01. kl 16.00: Vegen er open.
       
    • Vegen på Øyasida i Follestaddalen var stengd
      Status 14.01. kl 16.00: Vegen er open.
       
    • Ein veg i Barstadvika var vaska ut
      Status 14.01. kl 16.00: Skaden er utbetra, vegen er open.

Det er spådd ein ny topp i kveld/morgon tidleg, så vi er budde på meir vatn og fleire uønskte hendingar. Brann og redning og teknisk vakt er i beredskap, og også Røde Kors er klare til å rykke ut ved behov.

Sjølv om Ørstavassdraget er på bristepunktet, og Osbrua er svært utsett ved slike vassmasser vi ser no, så er situasjonen mykje betre enn forventa. Vi har budd oss godt og har eit velfungerande apparat i sving og dei førebyggande tiltaka vi har utført fungerer. Tidleg varsling har vore heilt avgjerande.

Investeringar og prioriteringar i budsjett siste åra knytt til stikkrenner og utskifting av bruer/oppgradering av Standalvegen og anna førebygging har vore vellykka, og har truleg redusert skadeomfanget.

Meir nedbør er venta

NVE og MET forventar meir nedbør, og som nemnt er det venta ei topping i kveld/morgon tidleg.

Situasjonen er med andre ord ikkje over, og oppdateringar vil verte lagt ut på Ørsta kommune si heimeside og elles i media etter kvart.

Brannvesenet har vore ute på 7 oppdrag i går kveld/natt

  • Oversvømd kjellar i Follestaddalen – Brannmannskapet pumpa med fleire pumper og gravde grøfter og la sandsekkar
  • Lekkasje taknedløp Ørsta sentrum – Brannmannskapet tetta sluk på taket for å få tid til å leda vekk vatnet frå lekkasjepunkt med rør
  • Fire mindre oppdrag der vassmengda var for lite til brannvesenet sitt utstyr og huseigarar var bedt kontakte firma med spesialutstyr og kompetanse.
    • To med vatn i kjellar utanfrå og tre med vatn opp frå sluk i kjellar
    • Alle vart bede om å kontakte brannvesenet om situasjonen forverra seg
  • Godt jobba av alle brannmannskapa – Alle som fikk alarm, også dei utan vakt, møtte umiddelbart.
  • Brannvakta har hatt med bil med småpumpe heim slik at ein kan iverksette pumping frå kjellar på kort varsel før evt. resten av mannskap kjem med større/fleire pumper.
     

Kommunalteknikk har jobba kontinuerleg

Kommunalteknikk har jobba kontinuerleg med å halde stikkrenner og slukar opne for å førebygge at vatnet går andre vegar. Vi har mista ca. 100 m. veg på Brungotvegen, men reperasjon pågår. Barstadbakkane har fått redusert bæreevne på grunn av vasstrykk i vegkroppen. Vi kjem til å køyre på grus på vegen slik at den vert køyrbar. Alle kommunale vegar er opne utanom Hustadnesvegen. 

Brannvakta og teknisk vakt samhandla godt og nytta dei felles ressursane på ein god måte.
 

Bilete frå arbeidet
 

 

 

 


  

Følg oss