Møte: Utarbeiding av forvaltningsplan for UKL i Hjørundfjorden og Norangsdalen

 
Det vert møte på Bjørke, Urke, Sæbø og Standal.

Møta vert måndag 20. og tysdag 21. januar:
•    Bjørke, Ungdomshuset Haukly,  måndag 20.01. kl 14:00 – 15:30
•    Urke, Grendehuset, måndag 20.01. kl 17:00 – 18:30
•    Sæbø, Sagafjord hotell tysdag 21.01. kl 14:00 – 15:30
•    Standal, Alpehytta på Standalseidet, tysdag 21.01. kl 16:30 – 18:00

Møta er av spesiell interesse for grunneigarar i området, men er opne for alle.

 

Dette er UKL:

Utvalde kulturlandskap i jordbruket (UKL) er ei nasjonal satsing for å ta vare på eit representativt utval av verdfulle norske jordbrukslandskap. Satsinga har som mål å ta vare på variasjonen i jordbrukets kulturlandskap, og å ta vare på biologisk mangfald, kulturminne og kulturmiljø. Grunnleggande for val av område er at dei i størst mogleg grad omfattar jordbrukslandskap med svært store biologiske - og kulturhistoriske verdiar, der det er realistisk å få til langsiktig skjøtsel og drift i områda. 

I 2018 vart Hjørundfjorden og Norangsdalen i Ørsta kommune innlemma i ordninga. 
Frå 2020 er bygda Bjørke overført til Volda kommune, men framleis del av ordninga. 

Det er bevilga statlege, øyremerka midlar til finansiering av tiltak som skal sikre at dei utvalde kulturlandskapa vert oppretthalde. For å verte tildelt midlar er det ein føresetnad at det vert utarbeidd ein forvaltningsplan for området. Planen skal syne kva tiltak som vert prioritert i høve tildeling av midlar frå tilskotsordninga. Kommunen sjølv, lag/organisasjonar og grunneigarar i UKL-området kan søke om tilskot. 

Ørsta kommune har ansvaret for å følgje opp ordninga. Kommunen administrerer tilskotsordninga og skal koordinere forvaltnings- og planarbeidet. 

I samarbeid med Fylkesmannen i Møre og Romsdal skal Ørsta kommune utarbeide forvaltningsplanen for UKL-området Hjørundfjorden og Norangsdalen. OSE as i Ørsta er engasjert som konsulent for arbeidet.

Kommunen ønskjer medverknad i dette arbeidet, og inviterer no til grendemøte for å:

  • informere om  UKL-ordninga 
  • kva den betyr for grunneigarar og andre som har interesse av å oppretthalde kulturlandskapet i Hjørundfjorden og Norangsdalen
  • få innspel til tiltak.

Følg oss