Leikepatruljen - inspirasjonssamling for elevar

Bilde viser barn som spring og leikar inne i Ørstahallen. - Klikk for stort bilete Ingvild Endal

I dag var 50 elevar frå 4.–7. trinn frå grunnskulane i Ørsta med på leik og moro for å bli kursa til Leikepatrujen.

I år som i fjor fekk elevane som var med i Ørstahallen denne onsdagen kursa til å bli «Patruljeførarar» og introduserte til nye spennande leikar som dei testa ut. Det var god innsats og kjekt å lære nye leikar.

Målet med Leikepatruljen er å bidra til at barn i alle aldrar leikar ute og at leiken i skulegarden er full av mangfald. Uteleiken har ein unik eigenverdi står det i rettleiaren for Leikepatruljen som Sunnmøre friluftsråd nyleg har utarbeida.

«Leikepatruljen er eit prosjekt for å styrke den sjølvstyrte uteleiken i skulen, med særleg fokus på rørsle, å inkludere, vere kreativ og å ta initiativ til leik.» – Sunnmøre friluftsråd

Leikepatruljen er ei inspirasjonssamling for elevar, som er under prosjektet  «Slå på ringen – uteleik for betre folkehelse» i regi av Sunnmøre friluftsråd. Dei ynskjer å inspirere til enkel og variert uteleik - til latter, robust rørsle, raude kinn og å kjenne på gleda av å leike ilag ute.

Prosjektet "Slå på ringen" frå Sunnmøre friluftsråd har tre tilbod til skulane - klikk på lenkene for å lese meir:

Leikepatruljen – inspirasjonssamlingar for elevar
Prøvekaninane  – verkstad for dei tilsette i skulen
Digitalt digg – forsyn deg fritt med leiar frå Youtube-kanalen!

Alle skulane som deltok i dag får med seg fleire kolli med leikeutstyr til Leikepatruljen ved skulen.

Følg oss