Kulturprisen 2018 til Roar Rønning

Vilde Moltudal Igland



I kommunestyremøtet i dag, vart Kulturprisen 2018 utdelt med diplom og 20.000 kr. Kulturprisen for Ørsta kommune 2018 vart tildelt Roar Rønning med følgjande grunngjeving:

«Vedvarande evne og vilje til å yte aktiv kulturinnsats ut over det vanlege.»

Dette er henta frå vedtektene for kulturprisen for Ørsta kommune.

Roar Rønning har gjennom fleire tiår vore ein særs aktiv kulturutøvar. Stikkorda er m.a. lokalhistorisk arbeid, korpsarbeid, målrørsla og det frilynde ungdomslagsarbeidet. Roar Rønning har på desse områda ytt engasjert og samvitsfull innsats som summert gjer han meir enn godt kvalifisert til kulturprisen:

  • Redaktør for skriftserien «Mi gamle grend» for Hovdebygda soge- og velferdslag i 22 år
  • Redaktør for bladet «Jul på Sunnmøre»; i år for 32. gong
  • Sidan 1976 (til 2009) styremedlem og prosjektmedarbeidar i Ørsta Mållag
  • Sidan 1959 (og framleis) musikant, instruktør og tillitsvald i lokalt korpsarbeid.

Roar Rønning har stor arbeidskapasitet og er ein uvanleg kunnskapsrik, smålåten og aktiv kulturspreiar. Han er ein typisk lagspelar, oppteken av å få ting gjort og arbeider på ein målretta og stillferdig måte. Han held i alle samanhengar ein låg personleg profil, og fell aldri for freistnaden å framheve seg sjølv.

Det som er samla og prenta i grafisk form vil overleve oss alle. Det ligg mykje i det arbeidet som Roar Rønning har teke del i, koordinert og formidla til oss alle.

Takk for innsatsen og gratulerer med kulturprisen 2018.

Følg oss