AKTUELT NO:

Val 2021Alt om korona  |  Bestill koronatest  |  Koronavaksinering​​​​​​​

Kulturprisen 2017 går til Christian Gaard

Klikk for stort bileteFoto: Christian Gaard

Ørsta kommune sin kulturpris vert i år tildelt Christian Gaard. Det er levekårsutvalet som har vedteke dette. Det kom i år inn fleire framlegg enn på mange år. 

Kulturprisen er eit diplom og ei pengegåve på 20.000 kroner. Tildelinga skjer i kommunestyret 14. desember. Då vert også den formelle grunngjevinga presentert.

Christian Gaard får kulturprisen knytt til det som er og vert skapt  saman med fleire i den vesle bygda ved Hjørundfjorden. Dette viser att i fleire samanhengar og står fram både som opplevingstilbod i eit særmerkt miljø med høve til deltaking både innan kultur, reiseliv og natur, – både åleine, i grupper eller i heilt store samanhengar som fleire flotte festivalar. Christian Gaard er eit høgdepunkt for unike opplevingar og minne, – fleire gonger og med framtida i møte.
 

Følg oss