Kloring av vatn frå Vikegeila vassverk

For tida vert vatn frå Vikegeila vassverk i Ørsta tilsett klor. Dette blir gjort for å desinfisere leidningsnett og høgdebasseng etter ein sesong med mykje arbeid på leidningsnettet. 

Vassverket leverer vatn til abonnentar frå Rjånes til og med Ørsta sentrum, Hovdebygda, Melsbygda, Åmdal og Bondalseidet.

I Åmdal var det i delar av november avvik på kvaliteten på drikkevatnet frå Ørsta vassverk. Utover dette er det ingen prøver som indikerer noko avvik andre stader i forsyningsområdet denne hausten. 

Jamfør Mattilsynet sine retningsliner må ein minimum ha 0,05mg/l restklor i vatnet for å ha desinfiserande effekt. Kloring kan i enkelte tilfelle gi noko smak og lukt på vatnet. Vatnet er likevel fullt ut trygt å nytte til matlaging og drikkevatn. 

Kloring av vatnet vil halde fram til om lag 20. desember.

Følg oss