Kan du tenke deg å vere besøksheim?

Foto: pixabay 

Barnevernstenesta søker to besøksheimar, til ein til ein gut på 11 år og til ei jente på 11 år. 

Det kan gjerne vere eigne barn i besøksheimen, om ein har dyr er det berre positivt.

Dersom nokon kan tenke seg slike oppdrag, ta kontakt med interkommunal barnevernsteneste på telefon 901 98 362/ 402 30 712.

Det er jamleg behov for besøksheim for born i våre kommunar, så ta kontakt med Torill O. Vinjevoll eller Anette Hauger for meir informasjon eller ynskje om eit oppdrag. 

Kva er ein besøksheim?

Besøksheim (eller avlastingsheim) er noko anna enn ein fosterheim. Å vere besøksheim tyder å ta imot eit barn ein eller fleire helgar i månaden. Besøksheim er eit frivillig hjelpetiltak og ei støtte til familier som treng det. Besøksheimen skal ikkje erstatte heimen hjå biologiske foreldre, men skal samarbeide  med desse.

Slektningar kan også vere besøksheim.

Kva er ei fritidskontakt?

Ei fritidskontakt er ein medarbeider som er løna av kommunen. Gjennom samvær og ulike fritidsaktiviteter skal fritidskontakta bidra til at menneske med behov for hjelp, støtte og kontakt får ei trygg og meiningsfull fritid.

Følg oss