Johan Øye er Årets eldsjel 2020

Johan Øye er Årets Eldsjel 2020. Foto: Maria Engeseth  

Prisen som eldsjel skal synleggjere enkeltpersonar eller lag sin ekstra innsats for fellesskapet og lokalmiljøet.

I heile kommunen er det hundrevis av personar som legg ned uvurderlege arbeidsmengder som til saman gjer lokalsamfunna trygge, aktive og attraktive. Innsats som betyr mykje for enkeltpersonar - born, vaksne og eldre.

Juryen - samansett av Mørenytt, ungdomsrådet, eldrerådet, næringskontoret og kommunen - mottok mange gode forslag som alle oppfyller kriteria til prisen. Både forslag frå i år - og frå sist runde - vart vurderte.

Prisen blir delt ut annakvart år, og i år som tidlegare går prisen til ein person som har gjort ein solid frivillig innsats for lokalsamfunnet over fleire år. Til ein person som vert omtalt som ei klassisk eldsjel. Prisvinnaren er kjent for sin store og mangeårige innsats med å skape trivsel og legge til rette for trimmarar/turgåarar.

Prisen blir delt ut annakvart år, og i år er Johan Øye mottakar av årets eldsjel, med følgande grunngjeving:

 

Grunngjeving:

Johan Øye har gjort ein solid frivillig innsats for lokalsamfunnet over fleire år. Han er ei klassisk eldsjel som er kjend for sin store og mangeårige innsats med å skape trivsel og legge til rette for trimmarar/turgåarar.

«Johan Øye har over mange år i arbeidd med Skålavegen, lys og skilt, og gapahuken i Skåla. Han har lagt ned eit enormt arbeid for store og små i Ørsta.

Ikkje nok med at han har sett i gong alle desse flotte tiltaka, men han fyller opp med å halde gapahuken og området vedlike og utvikle det. Trur nesten han er ein tur i Skåla kvar dag for å sjå etter at alt er i orden.

Johan er ikkje ein som framhevar seg sjølv og derfor hadde det vore ekstra kjekt om han hadde fått denne prisen, det har han verkeleg fortent.» (Forslagsstillar).

I Skålavegen møter ein folk frå tidleg morgon til seine kvelden. Johan har brukt svært mykje fritid for å vedlikehalde Skålavegen dei siste tjue åra, han har sett opp benkar og bord, laga og sett ut trimapparat, vedomn og flaggstong. Flaggstonga er brukt til lys, og frå sentrum ser vi at gapahuken lyser opp no i den mørke desembertida.

Johan var ein pioner i å bygge gapahuk – det er verkeleg eit solid byggverk, og Johan har gjort mesteparten av arbeidet sjølv. Her er ly for ver og vind, og ein fin plass for born og vaksne å ete nista si. Han har skaffa sponsorar og organisert dugnadsarbeid for å sette opp 20 lysmaster, og dermed er Skålavegen ei triveleg plass å gå også i mørkna, og eit viktig turmål i Ørsta. Gapahuken og arbeidet til Johan har truleg bidrege til betre folkehelse i Ørsta.

Han har arrangert adventsfest med hornmusikk, nissar og korsong, nyttårssamlingar, og på 17.mai kan vi sjå flagget vaie i vinden, etter at Johan har vore opp om morgonen og heist det.

Vi håpar prisen kan vere ein inspirasjon for alle i heile Ørsta til vidare engasjement og arbeid i lokalsamfunna. Prisen til Johan er derfor også ei takk og anerkjenning til personar og lag som gjer ein frivilleg innsats i lokalmiljøa rundt om i heile kommunen. Stå på vidare!

Årets eldsjel får diplom og ein gåvesjekk på kr 20.000 frå Sparebanken Møre - til eit formål du kan velje som kjem folk lokalt til gode.

Følg oss