Informasjon frå flyktningtenesta

Unsplash

  

 

Ukrainske asylsøkarar som bur i private heimar i Ørsta kommune

Ørsta kommune viser til Utlendingsdirektoratet (UDI) sine nettsider i høve informasjon om krisa i Ukraina. For Ukrainske asylsøkarar som bur i private heimar i Ørsta kommune viser vi spesielt til regjeringa si heimeside om Kommunene får dekket kostnader for ukrainske flyktninger i private hjem. Og her finner du informasjon frå politiet om situasjonen i Ukraina.

Alternativ mottaksplassering (AMOT) er ei frivillig ordning for kommunane å ta i bruk. Ørsta kommune vil ta i bruk ordninga for ukrainske asylsøkarar som ber om offentleg hjelp. Det er særskilt viktig at ukrainske statsborgarar som bur i private heimar i Ørsta kommune registrerer asylsøknad hos Ålesund politistasjon så raskt som råd. Vi presiserer at ein må ha avtale hos Ålesund politistasjon for å registrere asylsøknader. Inntil vidare skal ein ringe 70 11 87 00 for å opprette avtale hos politiet. Vi presiserer at det i nær framtid kan kome eit eige telefonummer hos Ålesund politistasjon for ukrainske asylsøkarar.

Når ein bur i private heimar i Ørsta kommune og får innvilga kollektiv vern er det viktig at ein tar kontakt med flyktningkontoret i Ørsta kommune. Det vil vere mogleg å få til avtalt sjølvbusetting dersom ein trenger offentleg hjelp, meir informasjon her. Ørsta kommune stiller seg positiv til avtalt sjølvbusetting innanfor det antallet som blir vedtatt. Inntil vidare opptil 40 flyktningar.

 

Busetting av flyktningar i Ørsta kommune

Ørsta kommune har kommunestyrevedtak på å busette 20 flyktningar i 2022. Det er administrativt meldt inn til Integrerings- og mangfoldsdirektotatet (IMDi) at kommunen kan auke busettinga til 40 flyktningar. Ørsta kommune venter framleis på formell oppmoding frå IMDi om å auke busettingskapasiteten i samband med krigen i Ukraina. Det er derfor fortsatt uvisst kva Ørsta kommune reelt vil busette i 2022 og talet kan bli høgare enn 40. Vi presiserer at Ørsta kommune busetter flyktningar frå fleire land og har ingen styringsrett på kva flyktningar som skal busettast i kommunen. Det er IMDi som tildeler flyktningar til Ørsta kommune. Vi busette i dag flest overføringsflyktningar frå Sør-Sudan, DRC Kongo og Syria. Framover regner vi med at det skal busettast mange flyktningar frå Ukraina som får innvilga kollektiv vern frå Utlendingsdirektotatet (UDI).

Ørsta kommune er svært takksame for å ha mottatt mange henvendingar frå private om bustadar som kan leigast ut til flyktningar. Vi ønsker fortsatt å ta imot tilbod om utleigebustadar sjølv om det allereide har kome inn mange tilbod. Dette blir registrert og kommunen vil ta kontakt med ein del utleigarar når vi får tildelt flyktningar av IMDi. Ørsta kommune vil ikkje klare å busette alle flyktningar i kommunal bustad og vi arbeider med å stille ein kommunal husleigegaranti til private utleigarar. Les om Garantidokument i husleieforhold.

Vi ber om at ukrainske asylsøkarar som bur i private heimar i Ørsta kommune om å kontakte flyktningkontoret dersom ein trenger råd og rettleiing. Ukrainske asylsøkarar som bur i asylmottak vil bli busett i kommunen etter ordinære ordningar.

Flyktningkontoret

Har du bustad til flyktningar? (meldeskjema)

Boligdugnaden.no – offentleg rettleiing til privatpersonar som skal leige ut

Følg oss