Info om ekstremvêret "Elsa"

Kommunen har motteke varsel om ekstremvêr. Det er meldt ekstremt høg vasstand, på raudt nivå i Møre og Romsdal, og faren er størst frå natt til tysdag 11. februar.
Vi hadde ein liknande situasjon i januar med svært høg vasstand. Varselet for dei komane dagane inneheld både høgare vasstand, noko sterkare vind og eit lågare trykk.
Konsekvens: Konsekvensen av ekstremveret er flaum mange stader og fare for større øydeleggingar på infrastruktur og bygningar i strandsona.
Råd: Unngå ferdsle i strandsona. Vi oppmodar våre innbyggjarar om å sikre lause gjenstandar inne i naust og i strandsona, og vurdere om båten bør opp på land.
Kommunen har budd seg på varselet og har ekstra beredskap tilgjengeleg.
Viktige telefonnummer:
BRANN
POLITI
AMBULANSE
LEGEVAKT
TEKNISK VAKT
BRANNVAKT
|
110
112
113
116 117
900 49 760
911 22 820
|
Publisert 10.02.2020 10:57