Fylkesmannen gir Ørsta kommune medhald

Illustrasjonsfoto FELT  

Etter at sentrumsplanen vart vedteken i sommar, kom det inn klager på sju område. Fylkesmannen har gitt kommunen medhald på seks av dei sju områda. 

Det siste punktet gjeld ei ny byggjetomt ved frikyrkja, som førebels er unnateke rettsverknad grunna ei motsegn frå Riksantikvaren. Denne klagen har difor ikkje blitt handsama.

Vi merkar oss fylkesmannen sine vurderingar i denne saka. Dei syner at Ørsta kommune har gjort gode, saklege avvegingar i arbeidet med sentrumsplanen. Kommunen har lagt stor vekt på å finne løysingar som gjev ei rimeleg byrdefordeling. Samstundes har vi lagt vekt på at vi skal ta i vare dei overordna samfunnsinteressene og få til høg måloppnåing med tanke på den vidare utviklinga i Ørsta sentrum. Det er ikkje så lett. Vi har forståing og respekt for at ikkje alle er samde i nokre av dei konkrete vala som er gjort. Men slik vil det vere når ein skal lage ein så kompleks reguleringsplan, med så mange partsinteresser, sier assisterande rådmann Eldar Øye.     

Den eine klagen som vart behandla omhandla gildskapen til planleggar Gunnar Wangen. Fylkesmannen kom her fram til at Wangen ikkje tok del i handsaminga av denne delen av sentrumsplanen, og at Wangen og kommunen si føre var-haldning i har sikra tilliten til at kommunen har treft upartiske avgjersler.

Det er ei glede å få stadfesta frå fylkesmannen både at Gunnar Wangen har opptredd korrekt, og at det ikkje er grunn til at tilliten til kommunen skal vere svekt i denne saka. Gunnar er ein samvitsfull og dyktig sakshandsamar med høgt kompetansenivå, så det er godt å få stadfesta også frå fylkesmannen at Gunnar har handla på rett måte, fortsett Eldar Øye.


Kort om klagene:

Klage frå Ivar Aasen-gata 10 AS rettar seg mot plassering av ny tikomstveg med fortau til området kring Vikeøyrane, og prioritering mellom ulike byggjeområde. Kommunen har vurdert den vedtekne løysinga som den beste samla sett. Fylkesmannen viser til at kommunen har gjort saklege avvegingar, og har ikkje innvendingar mot gagn/skade-vurderinga.

Klage frå Opsal autohus AS rettar seg mot eit makebyte som var aktuelt etter den tidlegare reguleringsplanen og utforming av fortau/kantstein ved opprusting av Vikeøyrane. Makebytet har ikkje vore gjennomført, og den nye planen opnar ikkje for denne moglegheita. Kommunen har lagt til grunn at tilpassingar av kantstein kan løysast ved gjennomføring. Fylkesmannen har ikkje innvendingar mot kommunen sine avvegingar.

Klage frå Nils Kristian Storaker kring området på Nekken/Odinhjørnet, og spesielt mot tilkomst- og parkeringsløysing. Fylkesmannen har ikkje innvendingar mot kommunen sine avvegingar.

Klage frå Arne-Otto Myklebust og Svein Åge Molnes rettar seg mot trase for gangveg på Langebakkane, og ein tilleggsmerknad rettar seg mot gildskap. Kommunen har vurdert at den vedtekne løysinga gir best måloppnåing av dei vurderte alternativa. Fylkesmannen har ikkje innvendingar mot kommunen sine avvegingar, og støttar kommunen si vurdering i gildskapsspørsmålet.

Klage frå eigarane av Ivar Aasen-gata 23 rettar seg mot at ein eksisterande bustad vert regulert for undervisningsføremål. Kommunen har vist til at det er behov for arealet i samanheng med utbygginga av ny sentrumsskule. Fylkesmannen har ikkje innvendingar mot kommunen sine avvegingar.

Klage frå Yngve Ose Bøstrand og Silje Vatne rettar seg mot kryssløysing i Melsvegkrysset og auka støybelastning på deira eigedom. Kommunen har gjort greie for kryssløysing og støynivå, og vurderer den vedtekne løysinga som mest teneleg sjølv om det medfører eit inngrep i deira eigedom. Fylkesmannen har ikkje innvendingar mot kommunen sine avvegingar.

 

Følg oss