Eineståande arkeologiske funn på Ose

Foto: Universitetsmuseet i Bergen

 

Arkeologar frå Universitetsmuseet i Bergen har avdekka tydelege spor etter eit heidensk gudehov (kulthus/tempel) på Ose. 

I forbindelse med at eit areal på Ose er regulert til bustadutbygging utfører Fornminneseksjonen ved Universitetsmuseet i Bergen arkeologiske frigivningsundersøkingar. Undersøkingsområdet dekkjer om lag 8 dekar, og ein har funne spor etter fleire bygningar frå fleire forhistoriske periodar. Det ser ut til å vere hus frå både førromersk jarnalder (500-0 f.Kr.) og frå yngre jarnalder til middelalder (575-1500 e.Kr.).

I filmen under fortel arkeolog Søren Diinhoff om dei arkeologiske funna på Ose:

Video: Universitetsmuseet i Bergen

Heidensk gudehov

Det mest bemerkelsesverdige kulturminnet som so langt er grave fram på Ose er spor etter ei bygning som er tolka som eit heidensk gudehov. Huset har vore 14 meter langt og 7 meter bredt. Ein ser tydeleg at det har hatt to lett utbua langsider med seks kraftige takberande stolpar på kvar side. Inne i bygninga er det spor etter fire stolpar som samla utgjer eit 3 x 3,5 meter stort rom. Disse stolpane tolkast som ein del av ein tårnliknande konstruksjon sentralt i bygninga.

Universitetsmuseet i Bergen bekreftar at det tidlegare er funne spor som vitnar om praktisering av den norrøne åsatrua i Noreg, men at dette er fyrste gang det er påvist meir sikre spor etter hovbygning. Funnet er difor eineståande i norsk samanheng og utvilsamt være viktig for seinare forsking.

 

Merking av kulturminner i Ørsta

Det finnast mange kulturminner i Ørsta kommune. Mellom anna gravhaugar, trojaborgene i Vartdalsfjella og no eit heilt eineståande heidensk gudehov på Ose. I handlingsdelen til kulturminneplanen er merking av kulturminner og formidling av kulturhistorie ein sentral del. Informasjon om og framheving av kulturminna våre er også teke inn som eit delprosjekt i arbeidet med oppfølging av sentrumsplanen. Tanken er at skilt med informasjon og QR-kodar som lenkjer til utfyllande informasjon skal utgjere ei kulturløype som folk kan følgje.

Dei nye funna er til stor fordel for dette arbeidet. Gudehovet på Ose er eit så unikt funn og så godt bevart at det får ei naturleg hovudrolle i eit slikt prosjekt. Difor har kommunen allereie teke kontakt med fylkeskulturavdelinga for å sjå på kva som er mogleg å få til for å gjere dette funnet tilgjengeleg og levande for publikum.

​Foto og illustrasjon: Universitetsmuseet i Bergen

Følg oss