Barnas Vel barnehage utvidar til 6 avdelingar

For å møte etterspurnaden på barnehageplassar har Barnas Vel barnehage utvida frå fem til seks avdelingar.

Opning av Barnas Vel barnahage avd. Førskulegruppa.  - Klikk for stort bileteOpning av den nye avdelinga "Førskulegruppa" i Barnas Vel barnahage. F.v.: Eldrid Dahle Svoren, Ida Brudevoll, kommunedirektør Wenche Solheim, ordførar Stein Aam og seksjonsleiar barnehage Reidun Mo. Maria Engeseth   

Styrar i Barnas Vel barnehage, Ida Brudevoll, involerte avdelingsleiarane for å løyse utfordringa med å få plass til alle borna. Saman kom dei fram til ei god løysing som sikrar høg kvalitet på barnehagetilbodet. Omstruktureringa gjer at det blir færre born per gruppe og aldersspennet mindre.

Onsdag 5. august var ordførar Stein Aam, kommunedirektør Wenche Solheim og seksjonsleiar for barnehage Reidun Mo på besøk i Barnas Vel barnehage for å gratulere dei med den nye avdelinga og takke dei for det gode arbeidet. 

Den nye avdelinga "Førskulegruppa" består av 18 førskuleborn. Med ei meir alderstilpassa gruppe får førskuleborna god oppfølging og kan fokusere enda meir på skuleførebuande aktivitetar. Dette blir ein spennande og mjuk overgang til skulelivet for fem- og seksåringane.

Omstruktureringa er gjort utan ombyggingar. Førskulegruppa skal nytte kulturstova to dagar i veka, og bruke naturen som leike- og lærearena resterande dagar. Kulturstova er eit fellesareal som dei andre avdelingane elles nyttar.

Uteleik og fysisk aktivitet står framleis sentralt, og er godt forankra i Lokal rammeplan for Ørstabarnehagen. Etter ferien skal det byggjast ei hytte på uteområdet, som borna skal hjelpe å finne namn til.

Dei 6 avdelingane i Barnas Vel:

  • Solsikka 0-2 år
  • Nøtteliten 0-2 år
  • Vellemarka 2-4 år
  • Klatremus 2-4 år
  • Ole Brumm 2-4 år
  • Førskulegruppa 5-6 år

Totalt kan Barnas Vel no tilby 101 barnehageplassar. Det er framleis nokre ledige plassar for 2020/2021.

Følg oss