AKTUELT NO:

Val 2021Alt om korona  |  Bestill koronatest  |  Koronavaksinering​​​​​​​

Årets eldsjel 2018 er Synnøve Rekkedal Hill

Klikk for stort bileteSynnøve Rekkedal Hill er Årets eldsjel 2018. (Roar Hagen har laga illustrasjon til årets diplom).For å utvikle Ørsta må vi ta vare på og støtte opp under initiativ og krefter som bidreg positivt. Tanken bak prisen som "årets eldsjel" er nettopp å synleggjere enkeltpersonar eller lag sin ekstra innsats for fellesskapet. I heile kommunen er det hundrevis av personar som legg ned uvurderlege arbeidsmengder som til saman gjer lokalsamfunna trygge, aktive og attraktive. Innsats som betyr mykje for enkeltpersonar - born, vaksne og eldre. Små og store bidrag - over tid - som til saman utgjer ei positiv utvikling for lokalsamfunnet.

Juryen - samansett av Møre Nytt, ungdomsrådet, eldrerådet, næringskontoret og kommunen - mottok mange gode forslag som alle oppfyller kriteria til prisen. Både forslag frå i år - og frå sist runde - vart vurderte.

Prisen blir delt ut annakvart år, og i år er Synnøve Rekkedal Hill mottakar av årets eldsjel, med følgande grunngjeving:

 

Grunngjeving:

Synnøve Rekkedal Hill vert omtalt som ei klassisk eldsjel. Alltid full av energi. Alltid ei sak ho brenn for. Alltid ein søknad ho arbeider med, ein telefon for å skaffe bidrag, ein aksjon for å påverke, ein dugnad ho skal ha folk til, eller ei øving eller framsyning frå ballettskulen.

Synnøve har eit sterkt og breitt engasjement for heimbygda, for Hjørundfjorden og heile Ørsta og regionen. Ho organiserer og påverkar, får ting gjort - og gir andre lyst til å yte.

Du er høgt og lavt med eit utretteleg pågangsmot - eit ekte engasjement, for bygdene og for sentrum - og ikkje minst menneska, ungdomane og borna. Nokre av dei sakene du er engasjert i er trafikktrygging. Det er Hjørundfjord kulturvernlag - der du har vore leiar dei siste åra - med stadig nye prosjekt. Du skaffar pengar, skriv søknader og startar aksjonar – den siste i haust saman med andre for ny røntgenmaskin – og tidlegare aksjonar for å påverke og bevare tilbod ved vårt gode lokalsjukehus i Volda. Og ikkje minst har du vore avgjerande for ballettskulen i Ørsta og Volda – èin av landet sine største med 450 elevar i alderen 5-21 år. Synnøve har vore arbeidande styreleiar og rektor sidan 2001.

Synnøve har vore umåteleg viktig for alt dette. Men heller ikkje ho har gjort jobben åleine. Mange har bidratt både i kulturvernlaget, til restaurering, i aksjonane for sjukehuset og for ballettskulen. Èin av dine nære og viktige støttespelarar er Richard. Så litt av eldsjel-prisen er også din, Richard. For slik er det - også eldsjelene treng støtte og fellesskap!

Vi håper prisen kan vere ein inspirasjon for alle i heile Ørsta til vidare engasjement og arbeid i lokalsamfunna. Prisen til Synnøve er derfor også ei takk og anerkjenning til personar og lag som gjer ein frivilleg innsats i lokalmiljøa rundt om i heile kommunen. Stå på vidare!

Årets eldsjel får diplom og ein gåvesjekk på kr 20.000 frå Sparebanken Møre - til eit godt formål lokalt.

Følg oss