AKTUELT NO:

Val 2021Alt om korona  |  Bestill koronatest  |  Koronavaksinering​​​​​​​

Fellingsresultat for hjortejakta 2018

Klikk for stort bileteHjortejakta 2018 i Ørsta har gitt ny fellingsrekord, med 1061 felte hjort.  Førre rekord er frå 2017 med 997 felte hjort. 

Fellingsresultat i Ørsta 2018

(oppdatert 24. januar)


Ørsta er ei av fleire kommunar som i 2018 vart plukka ut til å ta CWD-prøver av alle felte dyr over 2 år, for å undersøkje om dyra har skrantesjuke. Dette er ei prøve av hjerne og lymfeknutar på dyret, som vert sendt til Veterinærinstituttet for analyse. Jegerane i kommunen har gjort ein god jobb med å sende inn slike prøver, og det er ikkje oppdaga positive prøver i vår kommune. Hjorteviltregisteret har meir informasjon og statistikk om CWD på si nettside. www.hjorteviltregisteret.no