NVE: Søknad om konsesjon for uttak av grunnvatn til VD Eiendom Vartdal AS og reservevatn til Vartdal vassverk

NVE: Søknad om konsesjon for uttak av grunnvatn til VD Eiendom Vartdal AS og reservevatn til Vartdal vassverk

NVE har fått ein søknad frå VD Eiendom Vartdal AS om løyve etter vassressurslova til uttak av grunnvatn frå eit område ved Storvelva på Nordre Vartdal ovanfor  E39.

Søknaden vert behandla etter reglane i kapittel 3 i vassressurslova, og gjeld løyve etter § 45 i same lov. Søknaden er lagt ut til offentleg ettersyn på NVE sine internettsider her fram til høyringsfristen går ut. 

Alle som har ei meining om saka, kan sende ein uttale på éin av følgjande måtar: 

  • via skjema for fråsegn, som de finn NVE sine nettsida i saka (www.nve.no/9390/v)
  • via e-post til nve@nve.no (merk e-post med «Høyringsuttale 202410754» i emnefeltet, og skriv namn og organisasjonsnummer i innleiinga viss du representerer ei verksemd) 
  • via brev til NVE, Postboks 5091, Majorstuen, 0301 OSLO 

Frist for uttale er innan 17.10.2025.