Tilbakemelding på dagaktivitetstilbod

Kommunen sende i desse dagar ut brev der vi ber om tilbakemelding på utforming av utvida dagaktivitetstilbod for personar med demens. 

Dette fordi Ørsta kommunestyre vedtok 12. desember 2024 utvida dagaktivitetstilbod til personar med demens som ein del av Omstilling 2025 og vi ønsker å sikre gode tilbod til menneske med demens i ulike aldrar. 

Dagtilbodet vil i størst mogleg grad vere tilpassa den einskilde sine behov. Det blir i dag sendt ut brev der ein ber om tilbakemelding på kva eit dagaktivitetstilbod bør innhalde av aktivitetar og opningstid. 

Brukarar som i dag mottek teneste på Hagestova. Heimebuande som får oppfølging av demenskoordinator og Nasjonalforeiningen for folkehelse, Volda og Ørsta demensforeining vil få medverke i utforminga av tilbodet.  

Kommunen ynskjer å gjere dette tilbodet så godt som mogleg og ber derfor om hjelp til utforming av tilbodet.  

Illustrasjonsfoto Adobe stock

Kontakt

Sigrun Marit Halkjelsvik tenesteleiar
48010415
@ Sigrun Marit Halkjelsvik
Wenche Flo tenesteleiar
95712120
@ Wenche Flo

Følg oss