Ørsta kommune er medlem i Sunnmøre friluftsråd, som saman med Nordmøre og Romsdal friluftsråd ønskje å vere med på den landsomfattande markeringa av Friluftslivets veke, 31. august - 8. september. Derfor vert nye og gamle Stikk UT! –deltakarar invitert til å vere med på ei spennande utfordring, Stikk UT!-maraton!
Kor mange turar kan vi klare å gå denne veka? Alt er basert på det kjente Stikk UT! -konseptet, med dei 398 turmåla å velje mellom i dei 30 kommunane som er med.
Denne veka blir friluftsliv sett på dagsorden, og dette er friluftsråda sitt bidrag blant mange små og store arrangement rundt om i heile landet. Friluftsråda meiner sjølv at Stikk UT! er beste turtrimmen i landet, og gjennom denne utfordringa kan vi vise det til resten av landet også.
Ny utfordring
Kor mange Stikk UT! turar klarer du/vi å gå i løpet av dei ni dagane friluftslivets veke varer? Du bestemmer sjølv kva for Stikk UT! -turar du vil gå. Det er heilt greitt å gå til det same turmålet kvar dag, det er talet på turar som tel, ikkje talet på ulike turmål. Samtidig blir dette ei utfordring til kvar og ein av oss om å legge inn nokre ekstra Stikk UT! - turar i ei tid på året då det kan vere lett for at tur-aktiviteten dabbar av. Sett deg eit personleg mål og ta så mange turar du kan. Ofte trengs det litt motivasjon for å kome seg ut. No på hausten kan det være ekstra tungt å kome seg over dørstokken, når kveldane er mørkare og om vêret er dårleg. Men om du tek ein tur kvar dag, så får du faktisk 9 turar i Friluftslivets veke.
Gamle og nye deltakarar er velkomne til å registrere seg på Stikk UT!
Turane skal registrerast på vanleg måte og er med i den ordinære Stikk UT!. Men i tillegg blir det ei eiga toppliste for desse ni dagane. Den som ikkje vil stå på topplista, kan sjølvsagt reservere seg mot det. Turane blir uansett registrert i den ordinære lista. På denne måten finn vi ut kor mange turar som blir gått denne veka, og vi kan vise resten av landet kor turglade vi i Møre og Romsdal er. Dette er også ei fin anledning for dei som ikkje har nådd kravet enno om sju turar (seks for barn under 10 år) for å kunne kjøpe det populære Stikk UT! -kruset, skåla eller T-skjorta.
Daglege premiar og diplom
Kvar dag kl.09.00 trekkjer friluftsråda flotte premiar, alle turar som blir registrerte innan kl. 24.00 dagen før er med . Når veka er slutt, trekkjer dei ein hovudpremie. Premiar og vinnarane blir publiserte på nett- og facebook-sidene til friluftsråda i Møre og Romsdal. Alle som registrerer 7 turar eller meir, får ein eigen Stikk UT! -maraton diplom med namn og tal på turar.
Friluftslivets veke
Friluftslivets veke er ei årleg markering av norsk natur og friluftsliv – heile Noreg blir invitert med ut på tur! Over heile landet kan du delta på spennande friluftslivsaktivitetar i regi av lokale lag og foreiningar, organisasjonar, friluftsråd og kommunen der du bur. Friluftslivets veke har som mål å få fleire ut i naturen, ha det gøy og skape gode minner! For å finne arrangement sjekk ut denne sida: https://friluftslivetsuke.no/
God tur!