Sprek 100-åring

Ordførar Stein Aam og 100års jubilanten Reidun Bringsvor. Ørsta kommune  
Ørsta kommune og ordførar Stein Aam gratulerte Reidun Bringsvor med 100års-dagen idag 15. august 2022.

Ordføraren overrekte ein flott blomsterbukett til Reidun og fortalde litt om industrioppbygginga i Ørsta som jubilanten har vert ein del av. Reidun fortell at ho flytta til Ørsta frå Ulstein i 1953 saman med mannen sin for å arbeide. Mannen hennar jobba på Vestnorske møbelfabrikk, og kom frå Sandsøya. Og saman fekk dei tre born.

Den store dagen vart feira med familien, der nokon var komne heilt ifrå England. Reidun er ein sprek 100-åring som går på butikken sjølv.

Vi gratulerer!

Følg oss