Slik snakkar du med tenåringen om alkohol






Tenåringar med kjipe foreldre drikk mindre alkohol.
– I ungdomstida er det ekstra viktig at vi vågar å snakke om alkohol med barna våre, seier AV-OG-TIL-koordinator Ingvild Endal.

Om hausten og våren er det gjerne ekstra mange ungdomar som prøvar alkohol for første gong. Forsking viser at unge først og fremst lèt seg påverke av foreldra når det gjeld kor tidleg dei skal begynne å drikke, og kor mykje dei skal drikke.

– Vi foreldre er altså i ein heilt unik posisjon. Derfor bør vi snakke med barna om alkohol, gjerne alt frå dei er små. Då kan vi bidra til å gi dei gode haldningar tidleg, seier Ingvild Endal.

Denne samtalen er det best å ta når barnet sjølv inviterer til han.

De treng ikkje ha «familieråd»: No skal vi snakke om alkohol. Dess oftare og meir naturleg du snakkar med barnet ditt om alkohol, til lettare vert det for dykk begge.

 

Her er nokre spørsmål det kan vere lurt å tenkje over før de tek praten:

  • Kva ønskjer du å kommunisere?
  • Kva for reglar er viktige for deg og dykk som familie?
  • Kva for tankar og assosiasjonar rundt alkohol ønskjer du at barnet ditt skal ta med seg inn i tenåra?

 

Generalsekretær Randi Hagen Eriksrud i alkovettorganisasjonen AV-OG-TIL seier at sjølv om det kan vere vanskeleg å snakke med tenåringen om alkohol, er det veldig viktig å gjere det.

– Russefestene i sommer har tydelig vist hvor viktig det er at foreldre våger å blande seg inn i livet til barna. Barn og unge trenger kjipe, men kjærlige foreldre, seier ho.

 

 

Ørsta kommune samarbeider med alkovettorganisasjonen AV-OG-TIL om informasjon og arbeid for å førebyggje alkoholskadar hos oss. Les meir og få råd på www.kjipeforeldre.no.

 

Fakta:

Ungdom og alkohol

  • Unge i dag drikk mindre og debuterer seinare enn det som var vanleg tidlegare. Dei høyrer òg meir på foreldra sine enn det vi i foreldregenerasjonen gjorde.
  • Hjernen veks og utviklar seg fram til kring 25 årsalderen. Alkohol kan påverke utviklinga. Derfor er det viktig å utsetje debutalderen.
  • Ved inntak av alkohol vert vurderingsevna nedsett, og ein kan verte utsett for fare og risiko.
  • I Noreg er det ein kjend myte at du bør sende med tenåringane alkohol på fest, for då «veit du i alle fall kva dei drikk». Faktum er at alkoholen dei får med seg heimanfrå, som regel kjem i tillegg til det dei ville ha drukke elles.

Kjelde: kjipeforeldre.no

Følg oss